Vi må likevel gjere vårt i kampen mot antibiotikaresistens.

Difor er det slett ikkje godt nytt at tala syner at bruken av breispektra antibiotika har auka med heile elleve prosent frå 2012 til 2015 i Helse Møre og Romsdal.

Tala frå fjoråret tyder heller ikkje på at trenden er snudd.

At Helse Møre og Romsdal allereie er det føretaket i Helse Midt-Norge som brukar minst og ligg under landsgjennomsnittet, er ei heller mager trøyst.

Målet frå nasjonale helsestyresmakter er at bruken av antibiotika skal kuttast med 30 prosent frå 2012 til 2020.

Problemet med bakteriar som ikkje lenger kan bekjempast med antibiotika er allereie stort – og er veksande.

Kvart år tek antibiotikaresistente bakteriar livet av rundt 25.000 menneske i Europa. Og problemet er aukande.

Antibiotikaresistens er i ferd med å bli ei av dei største helseutfordringane våre.

Smittevern-overlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal samanliknar det med klimakrisa.

Handlingar er i ferd med å skape ei framtidig krise.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vi må drastisk redusere bruken av antibiotika både i helsevesenet, i landbruket og i fiskeoppdrett.

Er vi for slepphendte med bruken vår, særleg av breispektra antibiotika, misser vi etter kvart eitt av dei viktigaste verktøya i behandlinga av infeksjonssjukdommar.

Mange bakteriar som i dag er årsak til sjukdommar vi reknar som ufarlege, kan då bli årsak til livstrugande sjukdommar.

Vi må sjølvsagt også finne fram til nye måtar å behandle sjukdommar på gjennom forsking, både for å møte eit framtidig problem og for å bremse den farlege utviklinga.

Likevel er avgjerande at vi no klarer å kutte bruken av antibiotika.

Sjølv om problemet er langt større i land i Søraust-Asia enn i Europa og større i Sør-Europa enn hos oss, må vi halde orden i eige hus.

Kvar enkelt lege, særleg i primærhelsetenesta, må vere lojal mot desse måla.

Og vi som pasientar må syne forståing for tiltaka som må til.