Bedriftene i vest er igjen optimistiske, og ventar vekst både i investeringar, sysselsetting og inntening.

Sparebanken Vest presenterte i går Vestlandsindeksen, der dei har spurt 700 bedriftsleiarar frå dei fire vestlandsfylka om kva dei ventar seg av det komande halvåret. Konklusjonen er at optimismen er på veg tilbake.

Sjølv om det framleis buttar imot i dei mest oljeavhengige næringane, er det no også her ei lettare stemning. Dette pregar både Rogaland og Møre og Romsdal, og det er i desse to fylka pilene forventa resultatvekst peikar brattast oppover.

I går kom arbeidsløyse-tala frå Nav. Arbeidsløysa i Norge går ned for tredje månad på rad. Framleis ligg fylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal høgt på arbeidsløysestatistikken, og har ein skummel vekst i talet på langtidsledige.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har hatt høgast vekst i arbeidsløysa med sine ti prosent dei siste tolv månadane, og Rogaland toppar klart den dystre statistikken. Men også i vest er det teikn til betring i arbeidsmarknaden.

Med unntak av Sogn og Fjordane er det nedgang i bruttoarbeidsløysa langs heile kysten av Vestlandet i februar. Sogn og Fjordane har alt den lågaste arbeidsløysa i Norge, og har er heller ikkje like oljeavhengig som resten av landsdelen.

Vi har framleis nok av utfordringar igjen før vi kan nynne «good old days are here to stay». Vestlandet har 28.000 arbeidslause, godt over tre prosent av arbeidsstyrken. Trøbbelet i oljenæringane er heller ikkje over, sjølv om vi dei siste dagane ser at nokre offshoreskip igjen forlèt opplag.

Likevel er det både gledeleg og viktig å sjå at det lysnar. Vi må over to år tilbake for å finne like optimistiske bedrifts-leiarar i Møre og Romsdal som det Vestlandsindeksen fortel no. Om vi tar med fylka der oljenedturen ramma først og hardast, må vi fire år attende for å finne like stor optimisme

Optimisme kan vere smittsamt, og det er ein type smitte vi må dyrke fram. Styrka framtidstru vil i seg sjølv kunne gi ny fart i framtidstrua, investeringane og sysselsettinga.