Mange argumenterer med at eggdonasjon bør tillatast fordi sæddonasjon er lovleg, og meiner at spørsmålet handlar om likestilling mellom mann og kvinne. Men det er ei grov forenkling, dersom ein ser på saka frå barnets synsvinkel.

Menn og kvinner har ulike roller i forplantninga, og derfor kan ikkje sæddonasjon og eggdonasjon utan vidare samanliknast.

Sæddonasjon kan gjennomførast heilt naturleg, og påfører ikkje donoren helsemessige ulemper.

Eggdonasjon krev større medisinsk-tekniske inngrep.

Etter hormonbehandling blir eggceller sogne ut av donorkvinna, og deretter blir eit befrukta egg sett inn i livmora til kvinna som skal bere fram barnet. Kvinna med egget blir barnets genetiske mor, mens kvinna som går svanger blir barnets biologiske mor.

Kven er då mor?

Eggdonasjon bryt med den grunnleggande tryggleiken om at kvinna som føder barnet er barnets genetiske og biologiske mor. Med eggdonasjon blir morsomgrepet splitta i to, og det blir endå vanskelegare å finne tilbake til det genetiske opphavet.

Barn har ingen sterke organisasjonar som målber deira interesse i denne saka, og barn har ikkje røysterett. Så kven bryr seg?

Psykologspesialist Marit Bruseth frå Ålesund er ei av dei få som har engasjert seg på barnas side.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

I kronikkar etterlyser ho barnas perspektiv i debatten om eggdonasjon.

Som psykolog og barnefagleg sakkunnig har ho erfart kor sterkt behovet er for mange unge å finne tilbake til sine røter.

Ho roper varsku om at samfunnet ikkje må påføre fleire barn sorg, sakn og påkjenningar, og dei folkevalde bør lytte til det ho formidlar.

Som tidlegare ufrivillig barnlaus forstår Bruseth inderleg godt det sterke ønsket om eigne barn, men er likevel tydeleg på at barns behov må kome først.

Eggdonasjon skjer på dei vaksne sine premissar, og kan i neste omgang opne for surrogati, der barn blir ei vare som kan kjøpast. Det vi no treng er modige politikarar, som ikkje gir etter for press, men våger å tale barnas sak.