Dette er ein viktig reparasjon av noko som langt frå var godt nok, og som handla om vår felles tryggleik.

Riksrevisjonen fann at det framleis var mykje som mangla når det gjeld sikring av viktige bygningar og sentrale samfunnsinstitusjonar og anlegg.

I rapporten var manglane namngitt, og det seier seg sjølv at slike opplysningar må haldast hemmeleg. Vi kan ikkje brette ut for potensielle fiendar der vi er mest sårbare.

Riksrevisjonen har difor laga eit mindre samandrag der mykje av kritikken for manglande tiltak er gjeve att, men der objekta det er snakk om ikkje er namngitt.

Dette samandraget meiner Riksrevisjonen kan offentleggjerast, men dei instansane som har påført hemmelegstempling på desse opplysningane, har sagt nei, og det er dei som er ansvarlege for tryggleiken vår, og som også veit kva opplysningar fiendane våre er ute etter.

Eit fleirtal i Kontrollkomiteen har vedteke å be Stortingets presidentskap om ei særlov som skal oppheve graderinga av Riksrevisjonens samandrag.

Både Høgre, Frp og KrF vil etter alt å døme sette seg imot ei slik særlov, og dermed vil ikkje Kontrollkomiteen få viljen sin.

Mykje av det som står i dette samandraget er alt blitt offentleggjort i Dagens Næringsliv, så denne krangelen er først og fremst forpostfekting på ein valkamp.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Både Stortinget og ikkje minst Kontrollkomiteen bør vere varsame med å gripe avgjerande inn i rollene til dei andre statsmaktene.

Å tvinge fram ei avgradering som fagetatane ikkje tilrår, er tilkludring av ansvar for den som sit med kompetansen.

Det er to år sidan Riksrevisjonen gjorde si gransking, og det kan godt vere at tryggingstiltaka er blitt betre sidan 2015. Om Stortinget vil sikre seg fakta i dag, bør ei ny gransking setjast i gang.

Det bør vere eit stendig press på både Forsvaret og politiet når det gjeld å sikre samfunnsviktige bygningar og anlegg. Både kraftanlegg, gassknutepunktet på Aukra og viktige kommunikasjonsanlegg har truleg for dårleg sikring, og det blir øvd for lite samhandling mellom politi og forsvar.

Med unntak av 22. juli har vi sloppe unna terroren, og det har kanskje gjort oss mindre opptekne av sikring og beredskap.

Når vi ser det som skjer rundt oss, er det ingen grunn til å ta lett på beredskapen, men å gjere dette til eit politisk spel om snøen som fall i 2015, har lite for seg.

Stortinget bør kanskje også drøfte grundig den rolla Kontrollkomiteen skal ha i vårt parlamentariske system. Preget av inkvisisjon som komiteen hadde både i høyringane om Telenor og VimpelCom, og også seinare, er kanskje brukbar TV-underhaldning, men er det dette komiteen skal drive med?

Mange meiner kontroll- og konstitusjonskomiteen har tildelt seg sjølv ei rolle som ikkje var intensjonen då ordninga vart etablert.

Tidvis dreiv komiteen med noko som likna så mykje på etterforsking at Riksadvokaten måtte gripe inn.

Magemålet bør nok strammast inn.