Leder:

«Det er stor miljømakt i våre små daglege val»

Kampen mot den sterke auken av plastforureining i verdshava er ein kamp vi ikkje kan gi opp, sjølv om det kan sjå håplaust ut.

Farleg søppel Plast som forsøplar havet utgjer ein stadig aukande fare for livet i havet og vår eiga helse, men det er ikkje plasten som forsøplar – det er vi.  Foto: NTB Scanpix

Det aller viktigaste vi kan gjere, er likevel å vere kravstore forbrukarar på miljøet sine vegner

Leder

Merksemda omkring det store problemet denne forureininga utgjer, er heldigvis aukande.

FNs miljøprogram lanserte nyleg ei større global kampanje for å få slutt på marin forureining. Nasjonalt har temaet så langt vore på agendaen på landsmøta til dei fleste partia i Norge, delvis som ein reaksjon på kvalen som vart funnen utanfor Sotra med magesekken full av plast.

Vandreutstilling om plast i havet skal informere om stort miljøproblem:

– Rydd ei strand

En god kombinasjon av engasjement og kunnskap skal settes inn i kampen mot plastforsøplinga av havet.


Lokalt legg reinhaldsselskapa på Sunnmøre til rette for ein ryddedugnad langs strendene og ei vandreutstilling på biblioteka om plastforsøpling. Ein liten kampanje i det store havet av plastsøppel kanskje, men den set fingeren på noko viktig – vårt eige personlege ansvar.

Kvart år hamnar meir enn åtte millionar tonn med plastavfall i havet, og gjer stor skade på det marine økosystemet. Vi produserer no 20 gongar så mykje plast som vi gjorde på 60-talet. Om vi held fram som no, blir det hevda at det om eit knapt kvart hundreår vil ha meir plast enn fisk i verdshava.

Skal vi stoppe utviklinga, krev det innsats frå både lovgivarar og industri. Industrien må – med eller utan lovpålegg, finne erstatning for plast i emballasje og for mikroplast i kosmetikk. Skattar, avgifter og lovforbod må rettast inn mot å stoppe plastforureininga ved kjelda.

Venstre går inn for plastforbud

Venstre går inn for å innføre forbud mot tynne handleposer av plast. I tillegg vil partiet ha en ny avgift på all plast som ikke er resirkulert eller bioplast.


Infrastrukturen for innsamling og resirkulering av plast må byggast opp og styrkast, og kvar og ein av oss må i tillegg ta vårt ansvar. Det kan vi gjere med å verte flinkare til å kjeldesortere plast eller ved å delta i ryddedugnader, slik som det no er teke initiativet til på Sunnmøre.

Det aller viktigaste vi kan gjere er likevel å vere kravstore forbrukarar på miljøet sine vegner. Slik kan vi vere med på å presse industrien. Det er ikkje industrien sin gode vilje, men forbrukarmakt som dei seinare åra har fjerna produkt med palmeolje eller egg frå burhøns ut av norske butikkhyller.

Vi har alle ansvar for å ta vare miljøet på denne kloden, og først når kvar enkelt av oss tar dette ansvaret – gjennom små daglege val og handlingar, vil vi sjå resultat som monnar.