Kursskifte Framstegspartiet gjekk i helga inn for å støtte ei utgreiing av norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. I desember røysta dei mot dette. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Landsmøtet i partiet vedtok i helga at dei går inn for ei offentleg utgreiing av saka.

Det er ikkje meir enn rundt eit halvt år sidan partiet røysta imot dette på Stortinget. Den gong kjende sjømannsorganisasjonane seg dolka i ryggen, sidan Frp på førehand hadde signalisert støtte til ei slik utgreiing.

For rundt to år sidan sette næringsminister Monica Mæland ned eit utval som mellom anna skulle vurdere fartsområdeavgrensingane til fartøy i NIS-registeret. Fleirtalet i utvalet innstilte på at ein skulle greie ut ei ordning som kunne sikre norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn.

Dette har vore eit krav frå sjømannsorganisasjonane i snart ti år. Frykta er at norske sjøfolk skal bli utkonkurrerte av låglønte sjøfolk frå andre land. Norges rederiforbund og NHO sine representantar i utvalet var motstandarar av ei slik utgreiing, men vart i mindretal.

Regjeringa stilte seg på mindretalet si side. Næringsminister Monica Mæland har gitt uttrykk for at det ikkje vil vere aktuelt å innføre proteksjonistiske reglar på norsk sokkel. I Stortinget fekk dette synet fleirtal – med Frp si støtte.

Ein må kunne vente at politikarar er villige til å ta konsekvensen av sine standpunkt. Då må dei jobbe for å få gjennomført sin politikk og ikkje forhandle dei vekk i beste hestehandlarstil ved første høve. Det svekkjer truverdet til både politikarar generelt og det enkelte parti om politiske standpunkt berre blir ein del av landsmøtefesten.