Leiar om trusfridom:

«Behov for solidaritet med forfølgde kristne i aust»

Tragedie Koptiske kristne i Egypt i djup sorg, etter massakren på busspassasjerar sist fredag. 

Det går føre seg etnisk reinsing, ikkje basert på rase – men religion

Leder

Massakren på koptiske kristne i Egypt sist fredag, er ei ny påminning om den forfølginga som kristne i Midtausten blir utsette for. Minst 28 menneske, mange av dei barn, vart fredag skotne då dei var på busstur til eit kloster. Palmesøndag vart to kyrkjer bomba, og over 40 menneske mista livet. I desember i fjor vart 29 menneske drepne i ein koptisk katedral i Kairo. Islamistgruppa IS har tatt på seg skulda for aksjonane, og varslar nye åtak mot kristne.

Journalist Lars Akerhaug gav i fjor ut boka «Siste jul i Kairo» der han fortel om situasjonen for kristne i Midtausten, og det han omtalar som den gløymde forfølginga. Kristne blir slakta ned, og få bryr seg. Kyrkjer med røter tilbake til urkristen tid, er i ferd med å bli utsletta. Boka bør få fleire til å vakne.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

For nokre år sidan utfordra journalist Klaus Wivel i Weekendavisen den danske utanriksministeren til å svare på kva regjeringa ville gjere med fordrivelsen av kristne i den arabiske verda. Då han ikkje fekk svar, reiste journalisten sjølv til Midtausten for å undersøke forholda. Reisa resulterte i boka «Den siste nattverd – en reise blant de forfulgte kristne», og den skildrar møte med prestar som har fått kyrkjene nedbrent, foreldre som har mista barn og kristne som har fått valet mellom å konvertere til islam, bli drepne eller flykte. Wivel, som sjølv er ateist, meiner det er påfallande at overgrep mot kristne i Midtausten får så lite merksemd i vestlege land. Det går føre seg ei etnisk reinsing, ikkje basert på rase – men religion, og få reagerer.

Mangelen på engasjement kan ha mange årsaker, til dømes redselen for å nøre opp under haldningar som råker muslimar generelt, og som kan bidra til ytterlegare polarisering. Det skal vi vere på vakt mot, for det er nettopp religionskrig islamistar ønskjer å oppnå. Men vi må ikkje, i misforstått toleranse, dysse ned overgrep mot medmenneske, uansett om det er kristne, muslimar, ateistar eller andre som blir råka. Når målet er å utrydde grupper av menneske, må vi alle reagere. Trusfridom og menneskerettar må settast på dagsorden i alle samanhengar, og vi må finne måtar å vise vår solidaritet i praktisk handling.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder