Leder:

«Sterk omstillingskraft bak bibliotekveksten»

I eit tid då bøker relativt sett blir stadig rimelegare og all verdas informasjon er tilgjengeleg med få tastetrykk, har norske bibliotek rekordhøge besøk. Det viser ei omstillingskraft som det luktar svidd av.

Arena for kunnskap: Biblioteka er så mykje meir enn utlån av bøker. Biletet her er henta frå eit foredrag om slektsforsking i biblioteket i Ålesund.  Foto: Eskild Flydal

Biblioteka er ikkje sprengde. Dei bør ta ein endå sterkare posisjon, slik at dei kan betyr noko for endå fleire

Leder

For norske folkebibliotek er ikkje lenger berre bøker og strenge bibliotekarar på stille filt-tøflar. Sjølv om ryggrada i aktiviteten framleis er utlån av bøker, så har rolla blitt så mykje større, meir mangfaldig og full av liv og røre.

Folkebiblioteka har utvikla seg til å verte ein stadig viktigare møteplass og formidlingsstad. Dei er arena for viktige samfunnsdebattar, «scene» for kulturformidling, base for kunnskapsformidling og kreative verkstader. På sitt beste er biblioteka mellom dei viktigaste kulturinstitusjonane våre.

Norske folkebibliotek hadde i fjor heile 24 millionar besøk. Kvar av oss besøkte altså i snitt biblioteket 4,6 gongar i løpet av eitt år. Totalt hadde biblioteka meir enn 22 millionar utlån. Dei aller ivrigaste lånarane er barn og småbarnsforeldre.

Medan det var i gjennomsnitt 1,9 utlån per vaksen, var det tilsvarande talet for barnebøker på nær 9,4. Kvart år dei siste ti åra har det vore vekst i utlån av skjønnlitteratur for born, og vi må 25 år tilbake for å finne like gode tal. Dette er positivt for dei som les – og blir lest for, både medan dei framleis er barn, og med tanke på dei vanane dei får med seg.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Men for all del: Biblioteka er ikkje sprengde. Dei bør ta ein endå sterkare posisjon, slik at dei kan bety noko for endå fleire. Det stiller krav både til dei tilsette og bibliotekeigarane, kommunane. Det krev økonomi og satsing både på moderne lokale og kompetanse som gir rom for vidare utvikling.

Drift av bibliotek er ei lovpålagt kommunal oppgåve. Trass dette og trass den sterke posisjonen er bibliotektilbodet sårbart. Bibliotekfilialar mange stader er nedlagt eller overlever på nåde, mellom anna gjeld det Moa-filialen i Ålesund.

I kommunereforma er det ein fare for at det som i dag er mindre bibliotek i samanslåtte kommunar møter same lagnad. Det har vi sett i Danmark. Den freistnaden bør ikkje sparekåte politikarar falle for i den tru at biblioteka er ein stad der bøker støvar ned.

Tagger:
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder