Kort etterforskingstid i valdtektssaker kan sjølvsagt ikkje vere eit mål som er lausrive frå målet om kvalitet i etterforskinga. Effektivitet og kvalitet heng saman, men det er heller ikkje slik at lang tidsbruk alltid fører til god kvalitet.

Det er mange gode grunnar til å gjere sakshandsamingstida for slike saker så kort som råd. Valdtekt er ei alvorleg krenking av eit menneske, og er kriminalitet som gir store belastningar for ofra. Lang ventetid på ei avgjerd etter at ein har meldt eit slikt overgrep, vil vere ei tung ekstrabelastning.

Politiet har sjølv sett mål om at etterforskingstida i saker som gjeld valdtekt skal ned. Når ein ikkje klarer å nærme seg dette målet, men tvert imot brukar lengre tid enn før, må ein difor ha lov til å spørje om ein brukar nok ressursar.

Den nye tidsfristen for etterforsking av valdtekter vart sett i fjor. Då bestemte Politidirektoratet at gjennomsnittstida for etterforsking av valdtektssaker skulle ned frå 152 til 130 dagar. NRK kunne i går fortelje at snittida i staden har auka til 172 dagar ifølgje tal frå Politidirektoratet.

Valdtektssaker kan vere krevjande, og vi veit frå før at mange slike saker blir lagt bort. Ei årsak til dette er at Politiet i mange saker står overfor ein vanskeleg bevissituasjon. Og nokre ting må ta tid.

Om politiet ikkje er grundige nok, vil endå fleire saker enn i dag måtte leggjast bort fordi bevisa ikkje held til tiltale. Eventuelt vil fleire saker ende med frifinning enn dei 30 prosentane vi har i dag.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Men no er det altså sett eit mål om å få tida på etterforskinga ned. Ein må gå ut frå at det er skjedd etter ein grundig analyse i Politidirektoratet. Seksuallovbrot er også mellom dei lovbrota som det er sagt skal prioriterast høgt.

Når ein seier dette, så bør det også syne att i handling. I den offentlege debatten blir politiet og domstolane ofte skulda for å ikkje ta valdtekt alvorleg nok. Denne påstanden er unyansert, men av omsyn til publikum sin tillit, må den takast alvorleg. Eit første steg for Politiet må vere å klare å nå eigne mål og nærme seg eigne fristar.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.