Kunstnarisk leiar Rune Bergmann sitt ambisiøse mål er at Fjord Cadenza skal bli ein festival i verdsklasse, og den offensive haldninga inspirerer. Gjennom sitt rike kontaktnett klarer han å hente verdsstjerner til Sunnmøre, slik at publikum får unike opplevingar av klassisk musikk.

I år var det den verdskjende fiolinisten Philippe Quint som toppa programmet, saman med festivalkomponist Bertil Palmar Johansen og dyktige norske musikarar.

Det er imponerande kva eldsjelene bak Fjord Cadenza klarer å få til.

Festivalen har i ei årrekkje vore ein viktig musikalsk møteplass for både unge og godt vaksne.

Det heile starta i 1993 då finansmannen Jens Moe frå Skodje, som var busett i USA, fekk ideen om å invitere unge musikktalent til sommarleg opplæringstilbod i Skodje.

Sommar-kurset vart avslutta med ein konsert for bygdefolket, og dette utvikla seg til å bli eit årleg arrangement med både opplæring og konsertar.

Etter 2005-sesongen vart alt lagt på is mellom anna på grunn av manglande finansiering.

Festivalen vart starta opp igjen i 2011 av Rune Bergmann og Øystein Molvær, og har etter kvart sikra seg ein sterk posisjon, mellom anna med utdeling av eit nasjonalt soliststipend.

Samspelet mellom unge talent og profesjonelle musikarar er varemerket Fjord Cadenza må halde fast på. Det er festivalar som fyller eit behov og som dyrkar sitt særpreg, som klarer å overleve.

For Fjord Cadenza er samarbeidet med Ålesund orkesterskole avgjerande for å oppnå dette. Opplæringa av unge musikktalent har dei siste åra gått føre seg på Borgund folkehøgskole veka før festivalstart i regi av Ålesund orkesterskole.

Dette sommarkurset samlar unge strykarar frå heile landet til ei veke med intensiv opplæring og fellesskap, og i år deltok 64 mellom seks og 20 år.

Dei eldste elevane spelar saman med profesjonelle på Fjord Cadenza i avslutningskonserten i Gomerhuset, og får vist kva dei er gode for.

Til gjensidig inspirasjon og glede.

Denne suksessoppskrifta på samarbeid er det verdt å utvikle vidare.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!