Ungdom i dag har langt betre haldningar enn sine foreldre til rus og røyk. Stadig fleire droppar røyken og utset alkoholdebuten. Langt færre enn tidlegare har også latt vere å prøve rusmiddel som cannabis.

Forklaringane på kvifor det er slik, er sjølvsagt fleire og samansette, men vi må ha tru på at det handlingsskapande arbeidet og ein restriktiv alkoholpolitikk er sterkt medverkande til ei slik positiv utvikling.

Ser vi på kva gevinstar det er å hente, er det all grunn til å halde fast ved ei slik restriktiv line. For kvar ungdom som lar vere å røyke og som utset alkoholdebuten, blir samfunnet spart for kostnader. Endå viktigare er det at den enkelte reduserer risikoen for helseplager.

Dette er svært gledelege resultat. Norsk ungdom kjem også godt ut internasjonalt. I den europeiske skuleundersøkinga ESPAD ligg norske tenåringar konsekvent lågt på rusbruk. Det må bety at vi gjer noko rett.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sjølv om endra sosiale vanar som følgje av at sosiale media har teke ein større plass i ungdommen sine liv kan forklare noko, forklarer det ikkje kvifor norsk ungdom kjem betre ut enn andre. Bruk av sosiale medier er stort sett likt fordelt. Vi må derfor ha tillit til at vi også har ein politikk som verkar.

Norge har ei restriktiv lovgiving samanlikna med andre når det gjeld alkohol og røyk. Argumenta for dette er mellom anna at vi ynskjer å redusere skadeverknadane. Når vi får stadfesta dei positive resultata, bør vi halde fast ved dette. Vi bør også styrke tiltaka som gjeld ungdom spesielt.

Ungdomstida er ein særleg sårbar periode. Jo tidlegare ein debuterer med rus eller røyk, jo større blir dei negative konsekvensane. Lista over potensielt negative skadeverknader både sosialt, psykisk og fysisk er lang. Vi må difor ta eit særleg ansvar for å skjerme dei unge.