Mobbing gir varig skade på altfor mange liv. Barn og unge som har vorte utsette for mobbing, får redusert livskvalitet og sterkt auka risiko for å utvikle psykiske plager og lidingar. Fleire av oss må ta ansvar for å hindre dette.

Denne veka fall dommen i ankesaka mellom Glen Børge Løset Flø og Ulstein kommune. Dette er ei historie om ein oppvekst med mobbing gjennom heile grunnskulen. Kommunen er dømd til å betale nær to millionar i erstatning.

Altfor mange barn opplever mobbing i oppveksten. Tal frå Folkehelseinstituttet fortel at over 63.000 barn og unge opplever å bli mobba regelmessig minst 2–3 gongar i månaden. Elevundersøkinga i fjor opererer med eit litt lågare tal, men framleis snakkar vi om meir enn 50.000.

Dette er store tal, og mest alvorleg er det at tala har vore stabile over lang tid. Ein skulle tru at dei mange anti-mobbe-kampanjane som har vorte lanserte dei seinare åra, ville gi større resultat. Ein skulle også tru at den enkelte skule og den enkelte skuleeigar gjorde ein større innsats.

I sommar vart den nye mobbelova innført. Den gir foreldre rett til å klage til Fylkesmannen om ein skule ikkje held tidsfristane på å setje i verk tiltak. Så langt har fylkesmennene motteke 157 klager ifølgje Kommunal Rapport.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Saker som vert klaga inn til fylkesmennene, melde til Politiet eller som hamnar i rettsapparatet som erstatningssaker er berre toppen av isfjellet. Ikkje alle har krefter, ressursar, mot eller vilje til å ta belastninga det er å ta opp ein slik kamp.

Dessverre er det enno slik at vi treng dei som orkar, slik som Flø. Dei som vel å stå fram med si historie og ta kampen i rettsapparatet, gjer ein uvurderleg innsats for andre som opplever mobbing. Dei som tek kampen bidrar til å fortelje andre mobbeoffer at dei ikkje står åleine og at der er nokon som kan stillast til ansvar. Og det gir skuleeigarar ei påminning om ansvar som dessverre framleis er naudsynt.