Før helga vedtok fellesnemnda for nye Ålesund samrøystes å tilsetje Astrid Eidsvik som rådmann. Ho går først inn i ei stilling som prosjektleiar fram til den nye kommunen er ein realitet frå årsskiftet 2020. Ingen tvil om at Nye Ålesund har fått ein dyktig rådmann som nyt stor tillit, og det er eit svært godt utgangspunkt for det vidare arbeidet.

Intensjonsavtalen, som ordførarane i dei fem kommunane signerte i sommar, stakar ut ein tydeleg kurs. Målet er å ta med seg det beste frå alle kommunane og skape gode og likeverdige tenester, med vekt på rettstryggleik og verdigheit for alle. Strengare krav til tenesteproduksjonen ute i kommunane, kombinert med strammare økonomiske rammer i åra framover, skaper behov meir nytenking. Derfor kan det bli meir lønsamt å samarbeide enn å stå åleine.

Visjonen til Nye Ålesund er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet», og det er denne visjonen som no skal settast ut i livet. Nye Ålesund skal fungere som ei sterk motvekt mot sentralisering til dei store byane som Oslo, Bergen og Trondheim. Det er viktig å kunne snu flyttestraumen, ved at fleire unge ser ei framtid i regionen og ønskjer å busetje seg her. For å få til dette må ein styrke Ålesund som det urbane tyngdepunktet i nordvest. I tillegg til å utvikle byen Ålesund, med både sentrum og Moa, legg intensjonsavtalen vekt på at tettstadane Skodje, Sjøholt, Brattvåg og Steinshamn skal utviklast som attraktive møteplassar for handel, kultur og service. Betre kollektivtilbod vil vere avgjerande for å få den nye kommunen til å henge saman.

Det skal skapast ein ny, effektiv og innovativ organisasjon, heiter det i intensjonsavtalen. Innovasjon, berekraft og grøn miljøstrategi er viktige stikkord for arbeidet. Ambisjonen er å vere føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene, og vi meiner at universitetsbyen Ålesund har gode føresetnadar for å oppnå dette.

No som rådmannen i Nye Ålesund er på plass, startar arbeidet med å sette saman resten av leiarteamet. Framlegget til ny administrativ struktur skal vere klar til behandling i februar. Det blir viktig å finne gode måtar å involvere innbyggarane i det vidare arbeidet med å forme den nye kommunen.