Det er positivt med nye attraksjonar, men når Selvaag i eit intervju med Aftenposten slår fast at «Dette blir Norges nasjonale akvarium» er det all grunn til å reagere. Det kan ikkje vere slik at akvarium som blir bygd i nærleiken av Oslo automatisk oppnår nasjonal status.

Oslo har sysla med planar for eit akvarium sidan 1939. Dei første planane gjekk ut på å legge akvariet i kjellaren på Rådhuset, og seinare er det lansert andre idear. No er det ein privat entreprenør som har tatt styringa.

Selvaag argumenterer med at Norge har behov for eit nasjonalt akvarium. Det har han heilt rett i.

Det er havet som har lagt grunnlag for rikdommen vår, og som har gjort det mogleg å utvikle eit velferdssamfunn.

Det er både rett og rimeleg, og på høg tid, at fiskerinasjonen Norge får eit nasjonalt akvarium. Men det akvariet bør vere Atlanterhavsparken i havfylket Møre og Romsdal, og ikkje eit framtidig akvarium i Bærum.

Atlanterhavsparken i Ålesund har den siste tida begynt å omtale seg som Det Norske Akvariet, og det bør dei halde fram med. Leiinga har orientert både formannskapet i Ålesund og kultur- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen om at Atlanterhavsparken ønskjer å starte arbeidet med å oppnå nasjonal status.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Dei skal no finne ut kva slags ressursar akvariet treng for å kunne fylle ei slik rolle. Eit nasjonalt anlegg vil truleg få plass på statsbudsjettet.

Neste sommar er akvariet på Tueneset 20 år, og det skal feirast, mellom anna med å opne den første nasjonale utstillinga.

Atlanterhavsparken er eit utstillingsvindauge for livet langs norskekysten og Nord-Atlanteren. I nært samarbeid med Runde Miljøsenter, Norsk Maritimt Kompetansesenter og dei marine og maritime næringsklyngene i regionen, kan eit nasjonalt akvarium bli eit innovativt kraftsentrum for kunnskapsutvikling om havet.

I tillegg kan akvariet by på ekte opplevingar, noko som har stor betydning for reiselivet, ikkje berre her i fylket, men for heile Norge.