Møre og Romsdal idrettskrins, med Kåre Sæter i spissen, har tatt fleire initiativ for å få større openheit om økonomien i idrettsforbundet sentralt. Dette har vore viktig for å avdekke ukulturen i organisasjonen, og det skal krinsen ha ros for. Det er openheit som skaper tillit. Openheit, med fullt offentleg innsyn i rekneskapen, må legge grunnlaget for den vidare drifta. Derfor er det positivt at idrettsleiarar frå heile landet i haust bestemte seg for å innføre nye reglar for reise- og representasjonskostnadar umiddelbart, sjølv om endringa ikkje kan vedtakast formelt før på idrettstinget i 2019. Desse nye reglane skal gjelde for alle.