Det gjeld både korleis vi forsyner oss av ressursane og forvaltar klima og miljø.

Vi må forbruke mindre, produsere mindre avfall og gjenvinne meir.

Her har vi framleis mykje å hente, både i praktisk handling og i haldningar.

Norge er ikkje den miljønasjonen vi likar å tru at vi er om vi ser på korleis vi tek vare på ressursane i avfall, og slit med å halde tritt med dei krav som EU set.

Eitt døme er måla om materialgjenvinning av hushaldningsavfall.

Her har EU sett mål om at halvparten av avfallet skal leverast til gjenvinning.

Fristen for å nå målet er 2020, altså om to år. Vi leverer berre 38 prosent til materialgjenvinning, og endå verre er det at utviklinga går feil veg.

EU har lenge vore lengre framme enn Norge i arbeidet for ein meir sirkulær økonomi der ressursane blir utnytta på ein meir berekraftig måte.

Tankegangen i ein slik økonomi er å få mest mogeleg verdi og nytte av alle råvarer og alt avfall.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Slik kan vi oppnå både energisparing, lågare råvareforbruk og mindre utslepp av klimagassar og miljøgifter. Skal vi få gode resultat, må vi ta omsyn til dette gjennom heile livssyklusen til eit produkt – frå utvinning av råvarer, materialval og produksjon til emballering, levetid og gjenvinning.

Gjennom EU sitt rammedirektiv for avfall har vi allereie bunde oss til 50 prosent materialgjenvinning av hushaldningsavfall frå 2020. Men EU vil endå lengre. EU-kommisjonen la i fjor mellom anna fram forslag om at 60 prosent skal materialgjenvinnast innan 2030.

Kommunane rundt Ålesund er no i ferd med å innføre større grad av kjeldesortering. Pålegget om å sortere ut matavfall har engasjert mange til debatt, både på fagleg grunnlag og fordi folk reagerer mot å få fleire søppeldunkar.

Ein slik debatt er både nyttig og naudsynt, og det er mange grunnar til å vere delt i synet på kva tiltak som er det beste.

Debatt er med på å bringe fakta på bordet.

Endå viktigare er det at den bidrar til at vi alle blir meir medvitne på våre eigne haldningar.

Overgangen til ein grønare og meir berekraftig økonomi startar i vårt eige hovud.