Sunnmørsposten mener:

«Betre tider må gi meir fart i omstillinga»

Omstillingsbehovet er akkurat like stort no som før oljekrisa.

Medvind: Erna Solberg går inn i sin andre regjeringsperiode med ei treparti-regjering og betre økonomiske tider i ryggen. Det gir nye utfordringar. Foto: NTB Scanpix 

Når titusenvis misser jobben i oljenæringane, er det lett å sjå at vi må ha andre bein å stå på

Leder

Ein oljepris på over 70 dollar fatet er ingen dårleg start for ei ny trepartiregjering. Ein økonomisk opptur er alltid bra når fleire skal få innfridd ønskelista si, og sjølv miljøpartiet Venstre takkar ikkje nei til oljekroner då.

Norsk økonomi er i betring, sjølv om den ikkje er like spretten som før oljesmellen. Optimismen er på veg tilbake også i landsdelane som hadde den hardaste nedturen. Også dei fleste i petroleumsnæringa har no tru på opptur i 2018.

Sterke reaksjoner på utlysning av nye oljelisenser 

SV og miljøbevegelsen reagerer sterkt på at regjeringen vil lyse ut 103 nye blokker for oljeleting i Barentshavet og Norskehavet.


Men nettopp i ein slik situasjon er det viktig å halde hovudet kaldt og labbane langt unna oljekronene. Omstillingsbehovet er akkurat like stort no som før oljekrisa, og det er fare på ferde om tempoet i omstillinga blir dratt ned.

Vi må heller auke farta på veg mot ein grønare økonomi, vi må få meir handling bak dei fine orda om havrommet og digitalisering og vi må forenkle og fornye offentleg forvaltning. Den viktigaste kampen om offentlege arbeidsplassar står ikkje om statleg utflytting, men om effektivisering.

Problemet for ei mindretalsregjering er at det er lett å styre forbi politisk usemje og prioriteringar ved å dra fram gullkortet når regjeringspartnarar og støtteparti kjempar for sine hjartesaker. Den sittande regjeringa sin oljepengebruk i førre stortingsperiode ber klart preg av det.

Den blågrøne regjeringsplattforma ser slett ikkje noko rimelegare ut enn den blåblåe. Eitt nytt parti inn i regjeringsvarmen kostar. I tillegg vil Kristeleg folkeparti også ha sitt for å gi støtte i budsjettkampane – alt ved revidert i mai.

Alle snakkar om omstilling i krisetider. Ei krise synleggjer behovet samtidig som den i seg sjølv tvingar fram endringar. Enkelte rotne greiner knekk i stormen og gir andre nytt rom for vekst. Når titusenvis misser jobben i oljenæringane, er det lett å sjå at vi må ha andre bein å stå på.

I gode tider er det lett å tru at medvinden vil vare. Det gjer den ikkje. Erna Solberg deltok mandag på Solakonferansen, og viste til at omstilling har ein viktig plass i regjeringsplattforma. Det er viktig at ho no gjer dette om til handling, og at regjeringa maktar å ta også dei smertefulle vala som ikkje tvingar seg fram av seg sjølv.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder