Hjartepasientar i Møre og Romsdal får eit mykje dårlegare behandlingstilbod enn folk i Sør-Trøndelag. Årsaka er ulik geografisk avstand til PCI-senteret ved St. Olavs Hospital, der det mellom anna vert utført utblokking ved hjarteinfarkt.

Med dårlegare behandlingstilbod følgjer auka dødelegheit. Mange av pasientane får også dårlegare helse og dårlegare livskvalitet etter sjukehusopphaldet ved alternative behandlingsformer. Liv og livskvalitet står på spel. Det bør vere innlysande for alle som ser dette, at dette er ein situasjon som ikkje akseptabel.

Forskjellsbehandling

Slik forskjellsbehandling strider klart mot det berande prinsippet i norsk helsepolitikk om eit likeverdig helsetilbod for alle. Spørsmålet er altså ikkje om vi skal halde fram med å ha det slik, men om kva vi kan gjere for å løyse det.

I utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal er det gjort framlegg om å etablere eit slikt senter ved Ålesund sjukehus. Framlegget har møtt motstand, mellom anna frå legar ved sjukehuset i Molde. Det er uforståeleg.

Geografisk avstand er her avgjerande for at risikoen for å døy etter eit hjarteinfarkt aukar. Derfor bør vi sjølvsagt snarast gjere tiltak for å få ned avstanden. Auka transportkapasitet er ikkje ei tilfredsstillande løysing. Det er derimot etablering av eit senter ved sjukehuset i Ålesund.

Sentralisert

Norge har ein langt meir sentralisert modell enn mange av landa det er naturleg å samanlikne seg med. I Finland er det til dømes seks gongar så mange PCI-sentre som hos oss i høve til folketalet. Den medisinske utviklinga talar for at vi må gå i same retning.

I Helse Nord Norge vart det, rett nok etter ein bitter strid, før jul gjort vedtak om å etablere eit PCI-tilbod i Bodø. Frå før har sjukehuset i Tromsø vore åleine om slik behandling i dei tre nordlegaste fylka. Dei to sentra i Helse Nord Norge vil få lågare befolkningsgrunnlag enn Møre og Romsdal.

Ni av ti pasientar med hjarteinfarkt får behandling ved PCI-senteret i Trondheim. Berre tre av ti pasientar frå Møre og Romsdal får slik behandling. Det skal eit kaldt hjarte til å forsvare at ei slik forskjellsbehandling får halde fram.