Aldri har det vore brukt så mykje pengar på samferdsle som no. Aldri har det heller vore satsa så tungt på vegbygging som det som ligg i Nasjonal transportplan. Aldri har ein større del av statsbudsjettet gått til samferdsle.

Totalt sett er dette formidable summar, og bidrar til å trygge og effektivisere transporten i mange regionar. Dette er i stor grad viktige investeringar i framtidig verdiskaping. Men nokre har meir grunn til å juble enn andre.

Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er mellom dei fylka som har minst grunn til å heise flagget. Ei viktig årsak er at satsinga på E39 i desse to fylka ligg langt fram i tid. I Møre og Romsdal er det berre Betna-Stormyra på Nordmøre og Lønset-Hjelset i Molde som ligg inne dei førstkomande åra.

Sogn og Fjordane har berre to mindre E39-prosjekt som vil verte køyrbare før 2023. Tyngda av E39-satsinga i planen finn vi att på strekningar sør for Bergen. Om vi tar med satsinga på jernbane i reknestykket og det faktum at ingen av desse fylka får del i storbymidlane, blir det endå meir tydeleg at vi sit att med smular.

Dette er eit faktum det er all grunn til å vere urolege over. Kjem vi på etterskot i samferdslesatsingane, vil vi også kome på etterskot i å skape sterkare slagkraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar. Næringslivet i vår del av landet får ei konkurranseulempe, og vi blir hengande etter i utviklinga.

Vi skal sjølvsagt unne dei folketette områda rundt storbyane eit skikkeleg samferdsleløft. Distrikta vil også tene på ein effektiv hovudstad, men det kompenserer ikkje for det faktum at den store vegsatsinga styrer mot ei kraftig sentralisering.