Overskridingane på Stortinget sitt byggeprosjekt er ein skandale som berre veks seg større og større. Torsdag tok stortingsdirektøren konsekvensen av dette, og gjekk av. Ho burde for lengst ha fått følgje av stortingspresidenten.

Måten Olemic Thommessen (H) klamrar seg til vervet på, er snart berre overgått av Carl I. Hagen si klaging då han ikkje vart valt til same verv. Visst er det forståeleg at det er knytt ei viss prestisje, både politisk og personleg, til å vere stortingspresident, men det bør vere grenser.

Alt i fjor sommar fekk presidentskapen flengande kritikk frå ein samla kontroll- og konstitusjonskomite og Riksrevisjonen. Likevel vart Thommessen sitjande. Han tok heller ikkje hintet såpass at han valde å seie takk for seg etter valet.

Stortingspresidenten har det høgste offentlege vervet i Norge etter Kongen, og har eit særleg ansvar for at det politiske arbeidet på Stortinget er i samsvar med Grunnlova og Stortingets forretningsorden. Dette er sjølvsagt det viktigaste.

I tillegg har presidentskapen det øvste administrative ansvaret for drifta av Stortinget og dei godt over 600 tilsette. Det var presidentskapen som kom på den fantastiske ideen om at Stortinget sjølv skulle ta hand om det kompliserte prosjektet – då med Dag Terje Andersen (Ap) som president.

Etter at kontrakt med hovudentreprenør vart gjort i 2013 med ei kostnadsramme på 1,1 milliard har Thommessen styrt løpet. I fjor sprakk denne til 1,8 milliardar. No, få månader etterpå, har den gjort eit nytt byks på ein halv milliard, til 2,3 milliardar. Det kosta direktøren stillinga. I tillegg er Stortinget i tvist med konsulentselskapet Multiconsult.

Ein ting er at Stortinget brukar like mykje som eit gjennomsnittleg fastlandssamband på nytt vare- og postmottak. Det er allereie uforståeleg for folk. Endå meir uforståeleg er det at kostnadssprekken ikkje får konsekvensar, og at partileiar Erna Solberg held si vernande hand over den ansvarlege.

Dette gir eit inntrykk av at våre øvste folkevalde gjer som dei vil når det gjeld dei sjølve. Slik framferd er til skade for Stortinget sitt omdøme, og dette omdømetapet kviler no på stortingspresidenten sine skuldrer.