Leder mandag:

Smertefulle 50 års minne

Tragediar: Både på Sæbø i Ørsta og i Velledalen i Sykkylven miste menneske livet av store snøras denne måndagen for 50 år sidan. 

Uansett om tragedien som rammar får stor eller lite merksemd, er det behov for menneske som bryr seg

Leder

Femti år sidan den dramatiske rasmorgonen på Sunnmøre, måndag 19. februar 1968, er det framleis mange som ber på vonde minne. På Sæbø kom Korsafonna i forferdeleg fart i fire hundre meters breidde, og reiv med seg alt i Rise-grenda. Elleve personar vart gravlagt i snømassane, og tre av dei miste livet.

På Hjorthol i Velledalen i Sykkylven omkom ein ni år gamal gut i rasuluykke same morgon. Fonna frå Storhella kom med stor fart ned den bratte fjellsida, sopa med seg skogen i eit par hundre meters breidde, delte seg like opp for Hjorthol-gardane, og knuste eit hus.

På Finnes i Hjørundfjorden kom storfonna nedover fjellet, men vart kløyvd i to av ein liten haug slik at husa vart berga. På Langstøyl i Follestaddalen var ti menneske i livsfare, då veldige snømengder kom nedover lia frå Grøthornet. Fem kyr og fleire sauer strauk med då fonna knuste fjøset. Same morgon vart 30–40 husdyr tatt av fonn i Sledalen, medan fonnene så vidt gjekk klar av husa på Skår og Stenes. På Urke vart heile bygda straumlaus då ei fonn frå Klokkskollen øydelagde kraftverket. Det vart meldt om uvanleg store snømengder på Sunnmøre desse februardagane i 1968.

«For meg har det vore ei hjelp å snakke om raset og tragedien som ramma familien min og andre i bygda», seier 90 år gamle Ragna Riise til Sunnmørsposten i reportasjen om Rise-ulykka i laurdagsavisa. Det er kloke ord. Nettopp det å kunne dele det som er vanskeleg, kan vere med på å minske smerta. Kjell Arne Årseth var 23 år i 1968, då han tilfeldigvis fekk vite at foreldra låg døde under raset på Sæbø. Han reiste tilbake til hybelen sin i Volda, og sat der åleine. Heldigvis hadde han slekt og familie som brydde seg, og som vart avgjerande for at han klarte seg, fortel han til Sunnmørsposten. Det fanst ikkje kriseteam den gongen.

Uansett om tragedien som rammar får stor eller lite merksemd, er det behov for menneske som bryr seg. Mange ber på smerte som dei aldri har fått snakka med andre om. Takk til Ragna Riise, Kjell Arne Årseth og alle dei andre som har snakka om dei vonde opplevingane, slik at det kan bli lettare for andre å opne seg. Å sette ord på det som er vanskeleg, kan vere det viktigaste steget for å kome vidare.

Tagger:
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder