Vi må ha høge ambisjonar for helsetilbodet ved sjukehusa i fylket. Det må inkludere opprusting av sjukehusa og tilbodet også på Sunnmøre. Legg vi oss bakpå no, vil folk i heile Møre og Romsdal ende opp med eit mindreverdig tilbod på sikt.

Styret i Helse Møre og Romsdal skal i dag handsame utviklingsplanen for føretaket. Her er det viktig at det held fast på målet om å få hjartesenter, robotkirurgi og PET-skanning i Ålesund, slik administrasjonen har innstilt på. Dette bør ikkje gjerast til ein kamp mellom sjukehusa i fylket.

Det er nok av sterke krefter som ynskjer å sentralisere all avansert behandling i spesialisthelsetenesta til St. Olavs Hospital. Får desse kreftene gjennomslag, vil befolkninga i Møre og Romsdal stå att som taparar. Spørsmålet er ikkje om vi har råd. Spørsmålet er om vi har råd til å la vere.

Rett nok innstiller administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal på at dette er spørsmål som skal utgreiast vidare. Det er altså ikkje snakk om å vedta at desse tilboda skal etablerast no. Det hadde det heller ikkje vore økonomi til på noverande tidspunkt.

Likevel har det også internt alt vore sterke motkrefter og skarp debatt. Årsaka er at dette er kostbare tilbod. Plutseleg har fronten i sjukehusstriden flytta seg frå Furset-fjellet til Romsdalsfjorden. Sjukehuslegar i Molde har mellom anna åtvara mot å etablere eit hjartesenter (PCI-senter) i Ålesund.

Ei slik haldning betyr å stritte imot utviklinga i medisin og teknologi og snu eigne innbyggarar og pasientar ryggen. Utan slike behandlingstilbod vil pasientane i fylket få dårlegare overlevingsgrad og livskvalitet enn andre.

Dersom Helse Møre og Romsdal ynskjer å vere ein dynamisk organisasjon og utvikle seg for å møte behova i framtida, må styret stille seg spørsmålet: Står utviklingsevne sterkt i vår organisasjon? Svaret må sjølvsagt vere ja.

Dette må også vise igjen i konkrete planar. Konsekvensen må vere at føretaket må ha høgre ambisjonar på utvikling enn det kortsiktige utsikter gir rom for, både dei økonomiske og teknologiske. Alternativet er å akseptere rolla som underbruk, for alle sjukehusa i fylket.