Justisminister Sylvi Listhaugs famøse Facebookmelding, om at Arbeidarpartiet er meir opptatt av terroristane sine rettigheiter enn nasjonens tryggleik, er nettopp eit døme på dette.

Heile opposisjonen stilte seg bak det såkalla daddelvedtaket som slo fast at Listhaug offentleg har framsett «uriktige og krenkende påstander knyttet til bekjempelse av terror i Norge.» At det skulle ta så lang tid før Listhaug bad om orsaking for meldinga, er kort og godt tragisk, og vitnar om brest i vurderingsevna. I dag får vi svaret på om Listhaugs ytring, og hennar handtering av situasjonen, kan utløyse regjeringskrise.

Eit spørsmål som må vurderast er om mistillitsforslag mot Sylvi Listhaug er med på å styrke eller svekke ytringsklimaet i Norge. Frå Stortingets talarstol har ho både bede om orsaking, og lova å bidra til ein ryddigare debatt. Kan det vere at enkelte blir endå reddare for å ytre seg offentleg, når eit innlegg på Facebook kan utløyse nasjonal krise, sjølv om både statsminister og skribent offentleg bed om orsaking?

Kva er det då som skal til for å gjere opp for seg? Det er eit faktum at mange er redde for å ytre seg offentleg om kontroversielle tema. Mange fryktar at dei kan kome til å seie noko dumt, bli stempla for meiningar dei ikkje har, og dermed risikere sosial utestenging. Det viser statusrapporten for ytringsfridommens kår i Norge.

Misnøya med Sylvi Listhaug handlar som kjent om langt meir enn terrorinnlegget om Arbeidarpartiet. Det handlar om tillit. Mange har fått nok av hennar retorikk. Men Listhaug er ikkje den einaste i norsk politikk som har skulda motstandarar for synspunkt dei ikkje har, og ho er ikkje den einaste som polariserer debatten.

Derfor er det fleire enn henne som bør lære seg å tolke andre i beste meining. Det skal vere lov å kritisere både politikk og religionar utan å bli brunbeisa. Usemje kan vere ei positiv drivkrafta i eit demokrati. For dersom stadig fleire blir redde for å ytre seg, er det demokratiet som vil tape. Det må vi unngå.