Høgre skal på landsmøtet i helga ta stilling til ein digital strategi for samfunnsutviklinga. Målet er at digitaliseringa skal bidra til eit betre samfunn med moglegheiter for alle.

Forslaget om at all skriftleg kommunikasjon med styresmaktene skal vere digital innan 2025, vil vere i strid med dette målet. Mange vil få store problem med eit slikt påbod, og særleg då mange av dei eldste med stort behov for slik kommunikasjon.

Vi er nøydde til å ha høge ambisjonar for fornying av offentleg sektor. Digitaliseringa vil gi forenkling, innsparingar og høve til å bruke meir av ressursane på direkte tenesteyting.

Ny teknologi vil også bidra til å fornye og optimalisere det offentlege sine kjerneoppgåver, slik det også er i det private næringslivet. Unødvendig manuelt arbeid og manglande samordning er sløsing med ressursar, sløsing som er med på å undergrave finansieringa av velferdsstaten.

Vi må satse tungt på velferdsteknologi, digital saksbehandling og samordning av informasjon. Dei aller fleste vil også omfamne ei slik utvikling, fordi det vil gjere kvardagen lettare. Å gjere dette til eit påbod er likevel ikkje vegen å gå.

Høgre sitt mål om å modernisere offentleg sektor er det lett å støtte, og det er positivt at partiet er framoverlent og villig til å skunde på utviklinga. Samstundes er dette eit parti som er oppteke av individet sin fridom til å gjere eigne val og marknaden si evne til å skape endring.

Det er underleg at Høgre må ty til påbod og reguleringar for å kome i mål, særleg når dei raudgrøne partia i same resolusjon blir kritisert for nettopp det. Ingen bør tvingast til digital kommunikasjon med det offentlege, men oppmuntrast til det gjennom gode digitale tenester. Så må dei som ikkje maktar å kome seg over den digitale kunnskapskløfta, ha fullgode alternativ.