Barnevernet gjer ein naudsynt og viktig jobb for å trygge barn sine oppvekstvilkår og hjelpe familiar. Mykje er gjort dei seinare åra mellom anna for å styrke kapasiteten.

Likevel god grunn til å spørje om det er gjort nok, både i høve kvalitet og ressursar. Ein rapport frå Riksrevisjonen slår fast at det er alvorlege manglar i akuttiltaka i barnevernet, så alvorlege at riksrevisor meiner det bryt med prinsippet omsynet til barnet sitt beste.

I førre veke kunne også NRK presentere ei landsomfattande oversikt over talet på omsorgsovertakingar. Den syner så store sprik at det er all grunn til å sjå nærare på kva som er årsaka. Det må ikkje vere slik at kva hjelpetiltak ein kan få frå barnevernet er heilt avhengig av kva kommune ein bur i.

Men vi kan ikkje tillate at manglande ressursar eller kompetanse slår ut i store variasjonar i hjelpetiltaket frå kommune til kommune. Både foreldre og barn har krav på eit likeverdig barnevernstilbod uavhengig av kvar ein bur.

Kommunestorleik bør ikkje slå ut på kvaliteten i barnevernstenesta. Når statistikken viser så stort sprang i talet på omsorgsovertakingar er det grunn til å spørje om stor variasjon i ressursar, kompetanse eller kultur er årsaka. Spranget frå rundt fire til rundt 0,5 prosent er for stort til at vi kan slå oss til ro med at dette handlar om tilfeldige variasjonar.

Eit godt barnevern er eit heilt naudsynt tryggleiksnett som skal fange opp barn som kan stå i fare for å lide under omsorgssvikt. Kva type tiltak som vert sett inn, kan ikkje heilt lausrivast frå individuelle skjønn, men i størst mogeleg grad må det ligge objektive kriterium til grunn.

Både for høg og for låg terskel for å gripe inn i enkeltsaker med det mest inngripande tiltaket, omsorgsovertaking, kan vere gale. Dei kommunane som ligg i ytterkantane i statistikken bør difor gå i seg sjølv, samstundes som staten gjennom tilsyn bør ta ein kritisk gjennomgang.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!