Både fordi kombinasjonen av batteripakkar og gassmotorar vil gi stor miljøgevinst for heile norskekysten, men også fordi avtalen betyr arbeid for folk i Ålesund, Ulstein og Bergen.

Intensjonsavtalen med Rolls-Royce Marine omfattar oppgradering frå dieseldrift på seks av Hurtigrutens skip, med opsjon på ytterlegare tre.

Oppgraderinga skal vere ferdig før 1. januar 2021.

Bakgrunnen for Hurtigrutens avtale om oppgradering, er nye miljøkrav om 25 prosent kutt i utsleppa. Det fører til at skipa må moderniserast.

Rolls-Royce Marine skal ha ros for å vere tidleg ute med å utvikle miljøvenlege løysingar. I 2016 fullførte Kystverket og Rolls-Royce Marine utviklinga av eit heilt nytt elektrisk hybridsystem til Kystverkets fartøy OV Bøkfjord. Seinare er løysinga blitt tatt i bruk på fleire skip.

Elektrifisering av skip kan spare miljøet for store utslepp, og er ein sterk global trend. Derfor er det viktig at bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet kjem tidleg i gang for å skaffe seg eit forsprang.

Vard Electro har sett saman ein batteripakke som kan monterast på alle typar skip, og bedrifta vart heidra med prisen Årets Nyskaper på eit arrangement på Terminalen i går.

Resultatet vart batteripakke som nytt forretningsområde. Løysinga sparer både miljøet, gjer drifta meir effektiv, og skaper nye oppdrag som sikrar lokale arbeidsplassar.

Å ta miljøutfordringane på alvor har vist seg å vere lønnsamt, ikkje berre i eit samfunnsmessig perspektiv, men også for den enkelte bedrift.