Svært mange fylkesvegar held ein standard langt unna det akseptable og forsvarlege. Manglande vedlikehald og manglande investeringar gir ein vegstandard som går ut over både trafikktryggleik og samfunnsutvikling.

Saman med dette ansvaret overtok dei også eit enormt vedlikehaldsetterslep som dei ikkje har hatt sjanse til å tette. Med nye krav til tunneltryggleik og meir kostbar ferjedrift har det snarare vorte vanskelegare å gjere jobben.

NRK er igjen i ferd med å kåre Norges dårlegaste veg. På ti-på-topp lista er det seks fylkesvegar. Mellom dei er vegen mellom Hellesylt og Hornindal, som no går under kallenamnet «verdas lengste berg- og dalbane».

Og sjølv om Sogn og Fjordane fylke må ta sin del av ansvaret for at nett denne vegen er så inderleg forsømd, illustrerer den godt stoda. Fylka har for lite pengar, og når dei skal prioritere mellom ulike strekningar, gjer det ikkje potten større. Dei har ikkje andre store budsjettpostar å ause frå.

Tidenes satsing på samferdsle frå staten si side, kjem ikkje fylka nok til gode. Dette kan vi ikkje leve med lenger. Det er på høg tid å få på plass ein plan for korleis etterslepet i vedlikehaldet på fylkesvegane skal tettast.

Det manglande vedlikehaldet gir samfunnet store kostnader i form av lang reisetid, skader på køyretøy og tapt verdiskaping. For dei som brukar vegen spelar det inga rolle kven som eig vegen. Tapet like stort uansett. Det må vere slutt på at stat og fylka skuldar på kvarandre. Skal vi løyse dette problemet må partane ta ansvar saman, men fylka er sett sjakk matt dersom dei ikkje får meir pengar over statsbudsjettet.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!