Journalisten Javier Valdez vart skoten og drepen på open gate i Mexico i fjor. Han avdekka narkotikasmugling og organisert kriminalitet. Abdul Manan Arghand jobba for Kabul News TV og var på veg til jobb då han vart myrda.

Tema for verdsdagen for pressefridom, som vart markert førre torsdag, var medias rolle som vaktbikkje for offentleg maktbruk. Ei fri presse er berebjelken i eit levande demokrati. Derfor er åtak på journalistar som utfører sitt samfunnsoppdrag, eit åtak på demokratiet. Tryggleik for journalistar er eit av satsingsområda i ytringsfridomsstrategien til regjeringa som vart lansert i 2016.

– Vi vil halde fram arbeidet for å fremme og verne pressefridom og uavhengige medium internasjonalt, uttalte utanriksminister Ine Eriksen Søreide i samband med markeringa av Pressefridomens dag. Det er viktig at desse orda blir følgd opp i praksis. Vi må bruke vår fridom til å kjempe for at andre skal få oppleve det same. Fred og fridom er ikkje noko vi kan ta for gitt. Heller ikkje fridomen til å kritisere dei som har makt i samfunnet.