Sjukepleiestudiet er populært. Likevel blir mangelen på sjukepleiarar stadig meir dramatisk. Ei viktig årsak til dette er bruken av deltidsstillingar. Både på sjukehusa og kommunal helseteneste er det altfor mange små stillingsbrøkar. Utan utsikter til føreseielege arbeidsvilkår og inntekter er det ikkje rart at mange vel å forlate yrket.

Tal frå Samordna opptak syner ein god vekst i søkjartala til sjukepleieutdanninga. Veksten frå i fjor til i år var på over seks prosent. Noko av årsaka er truleg at mange ser på dette som eit trygt val der det er lett å få jobb.

Dei seinare åra har kommunar og sjukehus tilsett 12.000 nye sjukepleiarar. Likevel stig talet på ledige stillingar. NAV si bedriftsundersøking syner at vi manglar 5.900 sjukepleiarar. Berre sidan i fjor er det ein vekst på 47 prosent.

Skal vi få til ei betring, må det mange tiltak til. Eit godt og tilstrekkeleg utdanningstilbod er sjølvsagt eitt av dei. I periodar har også rekruttering av sjukepleiarar frå andre land vore viktig for å fylle tomme stillingar.

No er det slik at ein av fem sjukepleiarar forlèt yrket før det er gått ti år, og nesten halvparten av alle utlyste sjukepleiarstillingar er deltidsstillingar. Det er ein samanheng mellom desse to tilhøva, og begge deler er utruleg dårleg utnytting utdanningskapasiteten.

Ein nyutdanna sjukepleiar er ein verdifull ressurs som vi må ta vare på og forvalte på best mogeleg måte. Slik vi held på no er både sløsing og høgt spel med pasienttryggleiken. Skal vi stoppe lekkasjen frå yrket er det eit minstekrav at dei som søkjer seg dit føler seg verdsett.

Det handlar sjølvsagt om løn, men også om gode arbeidsvilkår. Ein deltidsmedarbeidar på stadig jakt etter ekstravakter får ikkje berre mindre føreseieleg økonomi og tapt pensjonsopptening, men får også ein uoversiktleg arbeidskvardag på toppen av turnusbelastninga.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!