Ny medielov for å sikre ein opplyst, offentleg samtale

Kulturdepartementet har nyleg sendt ut på høyring framlegg til ny medieansvarslov.

FRAMLEGG: Kulturminister Trine Skei Grande vil tydeleggjere det rettslege ansvaret for innhald som blir publisert, og legg fram utkast til ny medielov.  Foto: NTB

Det gir ikkje meining, og viser behovet for ei teknologinøytral lov

Leder

Det er behov for å modernisere og samordne regelverket, og det er positivt at kulturminister Trine Skei Grande har sett fart i dette arbeidet.

Redaktøransvaret er i dag avgrensa til trykt skrift og kringkasting, Det betyr til dømes at ytringar som er ulovlege å publisere i papiravisa, kan vere lovleg å publisere på nett under same logo.

Det gir ikkje meining, og viser behovet for ei teknologinøytral lov.

Framlegget inneheld både reglar som sikrar redaksjonens sjølvstende overfor eigarar, og reglar som plasserer det rettslege ansvaret for innhaldet.

Redaktørens særlege straffansvar for lovstridige ytringar blir gjort tydlegare, noko som vil gjere det lettare for personar som meiner seg krenka å finne fram til den ansvarlege.

Det er viktig for alle partar.

Lovutkastet manglar eit sterkare kjeldevern, men det er blitt opplyst at Justisdepartementet jobbar med dette. Vi forventar at eit lovfesta kjeldevern også vil kome på plass.

Staten har plikt til å legge forholda til rette for ein open og opplyst offentleg samtale, og dette infrastrukturkravet i Grunnlova er det overordna formålet med lovframlegget.

Kulturministeren understrekar at dei redaktørstyrte journalistiske media er viktige for å kunne oppfylle dette kravet, og det er ei vurdering vi fullt og heilt deler.

I vår digitale tid, der alle kan vere sine eigne publisistar, er det ikkje informasjon og meiningsytringar som er mangelvare, men heller kvalitetssikra informasjon, basert på streng presseetikk.

Redaktørstyrte journalistiske medium har til dømes ei viktig rolle med å overvake økonomiske og politiske maktstrukturar, slik at borgarane kan vite kva som går føre seg.

For å kunne vere ein opplyst borgar, må ein ha tilgang til relevant informasjon frå uavhengige kjelder.

Regjeringa skal ha ros for å legge fram utkast til ny medieansvarslov som vil understøtte redaktørstyrte mediums rolle og den viktige kvalitetsjournalistikken.

Dette er eit lovframlegg som vedkjem alle mediebrukarar, og høyringsfristen er sett til 10. september.