Etter framlegg frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vedtok Stortinget førre torsdag sju punkt for å sikre at nyfødde får den best mulege starten i livet. Utreise frå føde- og barselavdeling skal alltid tilpassast kvinna og den nyfødde sine behov. Stortinget ber dessutan regjeringa styrke den kommunale jordmortenesta og vurdere ny finansiering, slik at det blir meir attraktivt for kommunar å tilsette jordmødrer. Det skal også vurderast om det er behov for å opprette ny jordmorutdanning.

Bakgrunnen for vedtaka er at fagfolk har ropt varsku om utviklinga med kortare liggetid på sjukehus etter fødsel. Sjukehustilbod blir kutta, før kommunane får bygd ut sine tenester for barselkvinner. Dagsavisen har i ein serie artiklar tidlegare i år avdekka store manglar i oppfølginga av dei nasjonale retningslinene for barselomsorg, og store variasjonar i tilbodet. Den gjennomsnittlege liggetida på sjukehus etter fødsel er redusert frå 3,2 døgn til 2,7 døgn på ti år, og samtidig planlegg fleire sjukehus ytterlegare kutt i liggetid. Sidan 2007 har det vore ei dobling i talet på kvinner som reiser heim frå fødsel før det har gått 24 timar. Kvinner som har født på store sjukehus, har oftare blitt sendt tidleg heim mot sin vilje på grunn av kapasitetsmangel, enn kvinner ved mindre sjukehus. Utrekningar frå Jordmorforeninga viser at vi på landsbasis manglar mellom 600 og 700 jordmorårsverk for at kommunane skal kunne yte forsvarleg heimebasert barselomsorg. Det viser behovet for betre samhandling.

Kortare barseltid på sjukehus, må kompenserast med tettare og betre oppfølging i kommunane. Nyfødde barn og nybakte mødrer må ikkje bli salderingspostar når sjukehus eller kommunar skal spare pengar. Dei sju tiltaka som vart vedtatt i Stortinget sist torsdag er derfor svært viktige. Gode nasjonale retningsliner må bli følgd opp i praksis. Det å sørge for forsvarleg omsorg for nyfødde, er ei lita investering for samfunnet som gir stor helsegevinst.