Stikkprøver syner at halvparten av selskapa som har søkt om skattefrådrag gjennom denne ordninga, har «pumpa opp» søknaden. Eitt av dei vanlegaste triksa har vore å gi opp høgre lønnskostnader i prosjekta enn det som er reelt. Slik har dei fått større skattefrådrag enn dei har krav på.

Så langt har 83 bedrifter fått eit samla skattekrav på 60 millionar etter at det er påvist juks. I tillegg har eit par hundre selskap blitt bedne om å sjølv gjere endringar i rapporteringa si. Dei endelege tala er difor ikkje klare.

Om stikkprøvene er representative, snakkar vi om svært omfattande skattejuks. I fjor fekk over 7.600 prosjekt støtte gjennom skattefunn-ordninga. Samla var det snakk om eit samla budsjettert skattefrådrag på 5,6 milliardar. Dette var ny rekord og ein vekst på 10 prosent frå året før.

Flest prosjekt var det innan IKT og marint næringsliv. For inneverande år er det prosjektert med endå større beløp. Med dette skattefrådraget er staten med på å avlaste risikoen for bedrifter som vil satse på forsking og utvikling.

Resultata er mange og gode, og denne type indirekte støtte er svært viktig for at næringslivet i Norge skal ha nok tempo i si omstilling og nyskaping. Tilsvarande ordningar er det i land vi konkurrerer med, og særleg i Sverige blir det satsa tungt på slik støtte.

Ikkje alle feil og feilrapporteringar er like grove. I mange tilfelle er nok feila «uskuldige», men dei alvorlegaste tilfella er graverande nok til at det trugar tilliten ordninga kviler på. Nettopp fordi skattefunn-ordninga er så viktig for forsking og utvikling i næringslivet, er dette svært urovekkjande.

Det største ansvaret kviler på bedriftene sjølve. Juks går her som elles utover dei som gjer rett for seg. Vi treng kvar ei krone – og litt til, til å gi fart og kraft til omstilling og nyskaping i næringslivet. Jukset er med på å svekkje denne krafta. Det taper alle på.