I fjor vart Kripos varsla om 36 tilfelle av grov vald mot små barn. Dette er dessverre toppen av eit altfor stort isfjell, eit isfjell som ikkje har blitt mindre i eit mildare oppvekstklima.

For medan mindre alvorleg vald mot barn, heldigvis har hatt jamn tilbakegang i fleire tiår, er det ikkje betring når det gjeld den grove valden. Her har korkje opplysningskampanjar eller lovverket nådd fram.

Kvart år kjem det knapt 60.000 barn til verda i Norge. Heldigvis får dei aller fleste av desse ein god oppvekst, prega av materiell velstand, god helse og eit trygt oppvekstmiljø.

Etter at fysisk avstraffing av barn vart forbode og foreldre fekk kunnskap om skadeverknadane av slikt, har førekomsten av mindre alvorleg vald gått ned. Men framleis kan rundt kvar femte 18-åring fortelje at dei har opplevd mindre alvorleg vald som lugging, klyping eller slag med flat hand frå minst ein forelder. Dette skjer i alle slags heimar.

Sjølv om det har vorte langt betre enn for nokre tiår sidan, er sjølvsagt tala framleis altfor høge. For dei barna som har ein oppvekst prega av slik vald, kan konsekvensane vere alvorlege. Barn som vert utsett for vald har høgre risiko for både å få varige psykiske plager og andre helseplager.

Verst er det med førekomsten av alvorleg vald mot barn. Babyar blir rista hardt, barn blir banka opp, slått med knytt neve, sparka, slått med gjenstandar eller kasta i veggen. Vi kjenner historiene frå media og domstolane om barn med alvorlege skader og barn som har døydd av slik vald.

Heile seks prosent av norske 18- og 19-åringar seier dei har vore utsett for alvorleg vald frå sine foreldre. Dette gjeld særleg barn i familiar med dårleg økonomi, rusproblem, psykiske helseplager og har også ein overrepresentasjon i familiar med ikkje-vestleg bakgrunn.

Kripos ber alle som er i kontakt med barn om å verte flinkare til å sjå etter raude varselsflagg. Så må det forskast meir på korleis samfunnet kan nå fram til familiar der risikoen for grov vald mot barn er høg. Som samfunn har vi gjort altfor lite for å skaffe oss god nok kunnskap om vald mot barn.