Resultatet er gledeleg, for alternativet ville ha vore dramatisk. Reint drikkevatn er vi heilt avhengig av. Det er bransjeorganisasjonen Norsk Vann som har kartlagt vatnet i Brusdalsvatnet og 23 andre norske vassverk.

Dei 24 vassverka vart valt ut frå ei vurdering av risiko og representativitet. Det er undersøkt om det finst mikroplast i vasskjelda, i vatnet som er reinsa og i vatnet på leidningsnettet.

Analysane viser null eller nesten null funn av mikroplast i vassprøvene. Prøvene frå Brusdalsvatnet viser i gjennomsnitt ein mikroplastpartikkel per liter vatn i drikkevatnet, og i til dømes Elverum er det målt to partiklar per liter vatn. Med utgangspunkt i den kunnskapen vi har i dag, utgjer desse låge nivåa av mikroplast ingen helsemessig risiko, stadfestar Susanne Hyllestad ved Folkehelseinstituttet.

Sjølv om førekomsten av mikroplast i norske drikkevatn er lav, er det viktig at kampen mot plastforsøpling held fram. Plast som blir brote ned til bitte små partiklar, er vanskeleg å oppdage.

Mikroplast kan vere på storleik med eit sandkorn, og per dags dato nesten umogleg å rydde vekk. Partiklane er så små at dei kan vandre gjennom cellemembranar, og kan derfor få konsekvensar for dyr og plantar på cellenivå.

Derfor må vi gjere det vi kan for å unngå at plasten hamnar i naturen og går oppover i næringskjeda.

Kvart døgn køyrer rundt 10.000 bilar forbi Brusdalsvatnet, som er drikkevasskjelda til rundt 60.000 menneske.

Mange har vore uroa for at mikroplast frå bildekk kan ha hamna i innsjøen. Heldigvis ser ikkje dette ut til å ha skjedd i særleg omfang.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Førekomsten av mikroplast er knapt målbar, men dette resultatet må ikkje bli ei sovepute.

I Hovudplanen for vassforsyning i Ålesund har bystyret vedtatt å jobbe for at E39 må leggast utanfor nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet.

Målet er å fjerne risikoen for forureininga som trafikken medfører, også andre former for forureining enn mikroplast.

Dette er ein plan vi fullt og heilt støtter.

Å sikre tryggleik for drikkevatnet må ha høgaste prioritet.