Sula-ordførar Jim-Arve Røssevolls offentlege orsaking til alle som vart utsette for overgrep ved Breidablikk skule for mange år sidan, er ei sterk og viktig handling. Ordføraren opna kommunestyremøtet sist torsdag med å informere om Breidablikk-saka som handlar om at ein tidlegare skulestyrar frå 1920-talet og til utpå 1960-talet skal ha utsett elevar for valdelege og seksuelle overgrep.

Det er fleire tiår sidan skulestyraren døde, men historier om overgrep har versert i lokalsamfunnet. Då historiene kom opp på nytt før jul i fjor, bestemte kommunen seg for å gå grundig til verks for å finne ut kva som hadde skjedd. I februar vart det oppretta hjelpetelefon og støtteapparat som gjorde det muleg for folk å få snakke fortruleg med ein fagperson.

Etter å ha gått gjennom mange historier, har kommunen konkludert med at det har skjedd overgrep ved Breidablikk. Det er ingen grunn til å mistru dei varsla som har kome. Kjeldene er mange og uavhengige. Ordføraren bad torsdag offera om orsaking for at dei ikkje fekk hjelp og støtte då dei trong det mest. Han bad om orsaking på vegner av lokalsamfunnet og på vegner av dei som hadde ansvar for skulen den gongen, og som anten ikkje visste eller ikkje tok ansvar slik dei burde ha gjort.

I fjor var det ordføraren i Tysvær i Rogaland som offentleg bad om orsaking for at barn hadde blitt utsett for overgrep i skuletida. Ein lærar hadde misbrukt 20 gutar i løpet av dei 30 åra han hadde jobba i kommunen.

I motsetnad til læraren i Tysvær, er den tidlegare skulestyraren i Langevåg verken meldt til politiet eller dømt. Det har gitt mange etiske utfordringar, for dette er ein person som aldri kan forsvare seg. Derfor har det vore viktig at Sula kommune har gått grundig til verks, og samarbeida med ulike spesialistar for å avdekke dei tidlegare overgrepa.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Ei offentleg orsaking kan aldri gjere godt igjen det som skjedde, men det er eit varmt handtrykk frå eit lokalsamfunn som bryr seg. Det er eit klart signal om at overgrep aldri skal dyssast ned eller tolererast. Andre kommunar kan lære av måten Sula har handtert denne saka på. Det er viktig å avdekke gamle overgrep for å hindre at det skjer nye.