Framtidsutsiktene er mildt sagt uhyggelege, dersom vi ikkje klarer å vinne denne kampen. Heilt sidan penicillin vart oppdaga på 1930-talet, har antibiotika har vore hjørnestein i moderne medisin. Overforbruk gjer bakteriane resistente, slik at medisinen ikkje lenger kan ta knekken på sjukdommen.

Ved sjukehuset i Ålesund blir det forska på bruken av antibiotika på barn og nyfødde, og dette vart omtala i ein reportasje i måndagsavisa. Målet er å optimalisere bruken av antibiotika, slik at medisineringa blir mest muleg effektiv. Dei minste barna er ekstra sårbare, fordi bakteriesystemet i kroppen er under utvikling. Derfor er det avgjerande at dei får rett type medisin og rett dosering. Enkelte studium har antyda at det kan vere samanheng mellom antibiotikabruk og kroniske sjukdommar, og det er behov for å finne ut meir.

Både ved Ålesund sjukehus og Ullevaal sjukehus har det gått føre seg eit omfattande arbeid med å registrere antibiotikabruken hos barn. Kartlegging er nødvendig for å kunne analysere effekten.

Nye undersøkingar viser at det truleg er muleg å innføre kortare antibiotikakurar ved fleire typar infeksjonar, og denne kunnskapen kan få stor betydning.

Forsking og formidling av kunnskap er viktig i kampen mot resistente bakteriar, derfor er det gledeleg at dette arbeidet blir prioritert. Norge har ganske god kontroll på situasjonen samanlikna med mange andre land.

Helse Møre og Romsdal jobbar aktivt med å kutte ned på bruken av antibiotika, og arbeidet gir resultat. Det viser at vi er på rett veg.

I tillegg til å fjerne unødvendig bruk av antibiotika, må vi gjere det vi kan for å minske risikoen for å få infeksjonar. Populære feriemål i Europa har hatt problem med resistente bakteriar som kan gi lungebetennelse og blodforgifting. Framand bakterieflora fører til at ein lettare kan bli sjuk i utlandet, og infeksjonen kan bli meir alvorleg. Dei enkle, kvardagslege råda, som god handhygiene, må alle lære seg. Dei er spesielt viktige på ferieturar i utlandet. Ved å ta desse råda på alvor, kan vi alle bidra i bakteriekrigen.