Leiar 23. juni:

«Pleie av kulturlandskap ei stadig viktigare oppgåve»

Norangsdalen i Ørsta blir eit av 41 område i landet som får status som Utvalde kulturlandskap.

Pleie: Auka beiting er eit av tiltaka når vakre Norangsdalen no kjem med i ordninga for Utvalde kulturlandskap. Arkivfoto: June R. Johansen  Foto: June R. Johansen

Vedlikehald av landskapet langs fjordane er ei særs god investering

Leder

Frå før har Alnes på Godøya fått denne statusen. Det skjer som ei oppfølging av nasjonale mål om å vareta kulturlandskapet. Ordninga er eit spleiselag mellom Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet, som igjen baserer seg på frivillige avtaler mellom staten og grunneigarane.

Dette er ei særs velkommen ordning. Med dei naudsynte omleggingane vi har hatt i landbruket, har gjengroing av landskapet blitt eit betydeleg problem. Denne ordninga løyser ikkje dei problema aleine, men det er eit viktig bidrag til at vi i det minste klarer halde oppe naturkvaliteten i utvalde og særleg viktige område i landet.

Norangsdalen og Alnes speglar historia på kvar sin måte. Alnes fekk sin status i fjor på bakgrunn av den særeigne tette busettinga heilt ved sjøen med jordbruksareal bakanfor opp mot fjellet, der deler av terrenget har vore nytta som beitemark. Landbruksdepartementet peika i si grunngjeving på at naturbeitemarka i Alneslia er ei av dei viktigaste på kysten i Møre og Romsdal.

Derfor er det særs positivt at ein no får på plass ei offentleg støtteordning for vedlikehald av naturmangfaldet i den vakre Norangsdalen. Landskapet i det tronge dalføret på austsida av Norangsfjorden i Ørsta kommune har fleire kulturminneområde og spor etter tidleg dyrking. Her er det no aktuelt både med manuell rydding av vegetasjon, styrt beiting med storfe, sau og geit, samt maskinell slått.

I alt set regjeringa av 33 millionar kroner til dette formålet. Pengane skal delast mellom alle dei 41 områda som no har denne statusen. Det er med andre ord ikkje svære beløp vi snakkar om. Men nytta som ein del av eit spleiselag med grunneigarane, bør ein kunne forvente å få ein del ut av desse midlane.

Vakre fjordlandskap er den sterkaste merkevara vi har for å marknadsføre landet. Vedlikehald av landskapet er derfor ei særs god investering, både for å ta vare på historia landskapet fortel, men også reint kommersielt for å utvikle turistnæringane.