Dette er svært gledeleg, og skaper optimisme etter mange nedturar for den maritime klynga i nordvest. Verdien av kontrakten for Vard er i overkant av fem milliardar kroner, og er den største kontrakten nokon gong til Langsten, medan rammeverdien for heile prosjektet er på 6,8 milliardar kroner. Dette gir aktivitet ved verftet i seks år framover, og kan gi oppdrag til fleire bedrifter i regionen. No startar forhandlingane med underleverandørar. Vard eigfem skipsverft i Norge, i tillegg til verft i Romania, Brasil og Vietnam, og hovudkontoret ligg i Ålesund.

Ifølgje ein rapport frå Møreforsking i 2011 om skipsindustrien, rekna ein seg fram til at kvar verftsarbeidar i jobb, gav arbeid til rundt fem personar i andre bedrifter. Dersom kystvaktskipa gir arbeid til om lag 1000 arbeidarar på Vard Langsten, forstår ein at denne kontrakten kan gi store, positive verknadar for heile Nordvestlandet.

Kystvaktskipa skal byggast etter strenge miljøkrav. Dei tekniske kravspesifikasjonane er utvikla med støtte frå konsulentfirmaet LMG Marin, som tidlegare har vunne ein tilbodskonkurranse om design av dei nye kystvaktskipa. Skipa skal ha dieselelektriske framdriftssystem, og det skal vere mogeleg å installere batteripakke for hybriddrift på eit seinare tidspunkt. Dette er miljø- og utsleppskrav som dagens kystvaktfartøy i Nordkapp-klassa ikkje oppfyller. Dei nye fartøya skal hovudsakleg arbeide i Barentshavet og dei sårbare nordområda, med krevjande klima og lange avstandar. Skipa kjem til å sleppe ut vesentleg mindre klimagassar enn dagens fartøy, og det er viktig. Norge har forplikta seg til å redusere CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030, og det må jobbast på alle frontar for å nå det målet.

Dei nye skipa frå Vard kan bli dei teknologisk mest avanserte og mest miljøvenlege kystvaktskipa i heile verda når dei er leveringsklare. Som norskbygde skip med mykje norsk utstyr om bord, kan fartøya styrke vår posisjon som eit føregangsland for utvikling av miljøvennleg teknologi.