Etter at mange har levd i uvisse og frykt for at marindivisjonen kunne bli delt opp og selt stykkevis til utanlandske eigarar, kunne skuldrene senkast. At Kongsberg Gruppen, med støtte frå staten, tek over som eigar er den aller beste løysinga. Kongsberg og Rolls-Royce Marine er verdsleiande på ulike felt og utfyller kvarandre med sine teknologiske nyvinningar. Medan Kongsberg Gruppen er leiande på automasjon, navigasjon og styringssystem, har Rolls-Royce sin styrke på leveranse av propellar, framdriftssystem, utstyr og skipsdesign. Saman har selskapa leiande posisjonar innan digitalisering og utvikling av autonome skip, og det kan få mykje å bety for utvikling av dei norske havnæringane.

For vel eit år sidan gjekk det rykte om at Rolls-Royce Marine ville legge ned verksemda i Norge, og flytte den til Finland. Vi høyrde også at finske styresmakter var på offensiven for å styrke verksemda til Rolls-Royce i Finland, og dette gjorde mange på Sunnmøre urolege. Derfor er det grunn til å rose alle som har vore involvert i arbeidet med å sikre norsk oppkjøp av marindivisjonen. Regjeringa blar opp 2,5 milliardar kroner for å bidra til kjøpet, og vi har tru på at dette er ei god og framtidsretta investering. Det handlar om mange arbeidsplassar, framtida for den maritime klynga og om Norges posisjon som ein leiande havnasjon.

Vi meiner Kongsberg bør legge hovudkontoret for marindivisjonen til kystbyen Ålesund, og ønsker selskapet velkommen til Sunnmøre. Då Rolls-Royce for nokre år sidan valde å legge sitt europeiske opplæringssenter til Ålesund, var det ei tydeleg anerkjenning av styrken i den maritime klynga på Møre. Nærleiken til reiarlag, skipsbyggarar, mannskap, designmiljø, utstyrsleverandørar, forsking, utdanning og praktisk sjømannserfaring gjorde denne regionen unik. Seinare er dette miljøet blitt ytterlegare utvida i form av samarbeid mellom NTNU, Norsk Maritimt Kompetansesenter og dei andre som utgjer Campus Ålesund. Saman med katapultstatusen til ÅKP gjer dette Ålesund til eit attraktivt senter.