Ambisjonen er at kommunen blir eit landsdelssenter, som sørger for at Nordvestlandet ikkje sakkar akterut i forhold til Trondheim og Bergen, men tvert om bidrar til vekst i heile regionen. Samanslåing, omstilling og utvikling er krevjande prosessar, og for å lykkast er det folkelege engasjementet heilt avgjerande.

lntensjonsavtalen til nye Ålesund kommune slår fast at det skal etablerast nærdemokratiorgan – også kalla kommunedelsutval – i den nye kommunen. Det ligg no føre eit forslag om 11 kommunedelsutval som er samanfallande med dagens ungdomsskulekrinsar. Utvala skal få oppgåver innan kultur, utvikling av lokalsamfunn og frivillig arbeid. Forslaget, som vart presentert i Sunnmørsposten måndag, er ute på høyring til 24. august. Det betyr at alle som er opptatt av å styrke nærdemokratiet i den nye kommunen, bør dele sine synspunkt og idear før fristen går ut.

Ein av dei som har kome med konstruktive innspel er Einar Landmark. I eit debattinnlegg i Sunnmørsposten 3. juli tek han til orde for å gi kommunedelsutvala oppgåver og ansvar i arbeidet med å auke verdiskapinga, sysselsettinga og busettinga. Det kan til dømes handle om å ta initiativ til næringsutvikling, bygdesenterutvikling, gründerstøtte og gode kommunikasjonar mellom kommunesenter og distrikt. Kommunedelsutvala vil såleis kunne fungere som lokale utviklingsorgan, der folk med nye idear og initiativ får nokon å spele på lag med. Han foreslår dessutan inndeling i utvala på tvers av dei gamle kommunegrensene, i staden for å bruke ungdomsskulekrinsane.

Ideen om å skape lokale utviklingsutval bør greiast ut. Det er ei tid for å plante, og ei tid for å hauste. Og akkurat no er det tid for å plante ut nye idear som kan bidra til at storkommunen Ålesund får gode vekstvilkår.