Dette skjedde under eit dialogmøte med Mørebenken på Stortinget. Ballen vart seinare plukka opp av Møre og Romsdal fylke, og fylkespolitikarane gjekk då inn for å foreslå at Innovasjon Norge bør etablere eit nasjonalt ressurssenter for havromsatsinga i Ålesund.

Ulstein går no eitt steg vidare med denne ideen. Han foreslår at delar av verkemiddelapparatet gjer som den maritime klynga, og samlokaliserer seg i ein Pilot for havrommet – Pilot H. Ein slik pilot kan i samspel med bedriftene i dei maritime og marine næringane i nordvest gi ny slagkraft til omstilling og nysatsing til nytte for heile nasjonen.

Først og fremst gjeld dette aktørane i det private næringslivet, forsking og akademia. Men også forvaltning og verkemiddelapparat må både ville og våge å tenkje annleis og organisere seg på nye måtar. Ei spissa satsing på havrommet der Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Siva riv ned gjerde mellom seg og samlokaliserer seg, er ein god tanke.

Skal vi få ein slik pilot til Ålesund må det setjast trykk på saka både politisk og gjennom grundig saksutgreiing basert på fakta og analysar. Dei gode argumenta om kva gevinst dette kan gi for heile nasjonen vil vere det som gir gjennomslag.

Nye Ålesund kommune bør saman med fylket, omliggande kommunar, akademia og næringsinteressene mønstre på denne skuta, stikke ut kursen og fossro. Det hastar.