Det er positivt at ordførarane i Giske og Ålesund vil prøve å finne ei løysing som gjer det muleg å berge det historiske sendarbygget på Vigra. Etter planen skal bygget rivast i byrjinga av august i år, så det hastar å gjere noko. Riksantikvaren har sagt nei til freding, og Norkring har gjort avtale med operatør om riving.

Avslaget på freding blir mellom anna grunngjeve med at anlegget ikkje lenger er komplett sidan det vart bomba under siste krig, og antennemasta er demontert.

Riksantikvaren meiner likevel at Vigra kringkastar representerer viktig regional historie, og oppmodar Giske kommune til å ta ansvar for anlegget.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vigra Kringkastar er eit minnesmerke over viktig nasjonal historie, både når det gjeld krigshistorie og kringkastingshistorie. Vigra Kringkastar var Norge sin viktigaste informasjonskanal dei første krigsdagane frå 9. april og til 15. april 1940, då den vart bomba av tyske fly. Den 9. april var Vigra kringkastar den største nasjonale stor-sendaren i Norge som dekte havområda mellom Skotland, Island, Svalbard og mesteparten av Norge. Nokre dagar seinare vart første melding frå den frie norske regjeringa og kongen sin tale til det norske folk kringkasta over Vigra kringkastar.

Det er behov for eit spleiselag der både stat, fylkeskommune og fleire kommunar deltek.

Eit levande museum tek vare på den nasjonale historia, samtidig som regionen får eit nytt dokumentasjonssenter for historieformidling, og ein ny turistattraksjon.

Riksantikvaren bør straks vedta mellombels vern av Vigra kringkastar, slik at det blir muleg å jobbe fram ein redningsplan som inkluderer fleire aktørar.