Norge klatrar forsiktig på den globale innovasjonsindeksen som vart offentleggjort i førre veke. Dette er eit lyspunkt for ein økonomi som meir enn på lenge treng ny kompetanse, nye idear, nye løysingar og nye produkt for å snu seg rundt og møte ei framtid med ein mindre oljesmurt økonomi.

Vi kan likevel ikkje seie oss nøgde. To plassar opp, og det faktum at vi legg Island bak oss og ikkje lenger er dårlegast i Norden, er framleis ikkje godt nok.

Det finst ingen gode grunnar til at vi skal ligge langt bak land som Sverige, Finland og Danmark når det gjeld innovasjons-styrke.

Etter rundt eit tiår er verdsøkonomien for alvor i ferd med å leggje etterdønningane etter finanskrisa bak seg. Endeleg ligg det no til rette for ein brei, global økonomisk vekst. Utfordringa no er å trygge denne trenden på lang sikt.

Politisk stabilitet og fråvær av store konfliktar er grunnleggande faktorar som må ligge i botnen. Tillit landa imellom og tryggleik for framtida må vere på plass for å skape ein varig økonomisk vekst, og sjølvsagt burde vi ha vore forutan ein begynnande handelskrig mellom USA på den eine sida og Kina og Europa på den andre.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Ein annan nøkkelfaktor er innovasjon. Investeringar i innovasjon er avgjerande for ein varig, berekraftig økonomisk vekst. For ein nasjon som meir enn andre har ein råstoffbasert økonomi, er dette særleg viktig om vi skal hevde oss i den globale konkurransen og trygge velferda vår.

Rangeringa som er gjort i «Global Innovation Index» er sjølvsagt ingen fasit, og blant anna har Statistisk sentralbyrå brukt alternative metodar der Norge kjem betre ut. Likevel må det vere ein vekkjar for oss at vi ligg såpass langt bak våre nordiske naboar, i tillegg til at vi ser ut til å få mindre att for det vi investerer i innovasjon.

I staden for å forsøke å bortforklare dette, bør vi lære av kva Sverige, Danmark og Finland gjer annleis – eller Sveits, som har toppa denne rangeringa i alle år.

Det er ikkje sikkert vi finn fasiten der heller, men når oljeinntektene fell og behovet for omstilling blir større, er sjølvgodskap det siste vi kan koste på oss.

Det er typisk norsk å vere god, sa Gro Harlem Brundtland i nyttårstalen i 1992. Framleis gjeld det meir i skisporet enn økonomien sin evne til innovasjon. Foto: NTB SCANPIX