Dessverre syner det seg igjen at vi er lite villige til å gjere eigne offer. Igjen er det langt mellom haldning og handling.

Meir enn halvparten av oss vil til dømes ikkje kutte ned på fritidsreiser med fly, sjølv om vi veit at utsleppa frå reiseaktiviteten vår er til skade for miljøet. Dette kjem fram i ein rapport Transportøkonomisk institutt har laga for Avinor.

Ikkje før vi sjølv haustar private fordelar av å gjere gode miljøval, ser vi ut til å vere villige til å ta grep. Det må snarast få politiske konsekvensar, ikkje minst i avgiftspolitikken.

Luftfarten er på langt nær den verste syndaren målt i klimautslepp. Av dei norske klimasyndarane står olje- og gassutvinning, industri og bergverk og vegtrafikken kvar for seg for langt større klimautslepp.

Luftfarten sin andel av transportsektoren sine utslepp er også låg, langt bak vegtransporten, trass i at vi med ein einaste flytur frå Oslo til London er ansvarlege for like store utslepp som tre månader med bilbruk. Likevel er det grunn til å vere særleg uroleg for utviklinga i luftfarten.

Klimagassutsleppa frå denne sektoren har nemleg auka kraftig dei siste tiåra, så mykje som 200 prosent sidan 1990 ifølgje EU sitt miljødirektorat, EEA. Årsaka er at kvar og ein av oss reiser mykje meir.

Og både denne trenden og veksten i utsleppa frå luftfarten held fram.

Den som hugsar tilbake til innføringa av flyseteavgifta, veit godt at avgiftsvåpenet ikkje berre er enkelt. Likevel er det vanskeleg å kome utanom. Slike avgifter bør derimot ikkje vere resultat av budsjettforhandlingar i seine nattetimar. Eit fleirtal av oss seier vi aksepterer slike avgifter, men avgifter på flyreiser må likevel nyttast med kløkt.

Heller enn å bruke avgifter som ein pisk, må vi belønne dei som tek meir utsleppsvennlege alternativ. Men då må vi også sørge for at dei gode alternativa finst.

Det betyr at vi også må ha belønningsordningar for luftfarten som får fart i utskiftinga til meir miljøvennlege fly, slik vi har erfaring for i maritim næring. For vi kjem ikkje til å slutte å fly.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!