Sjølve prosessen stel energi, men det kostar også krefter å gi slepp på gamle strukturar og måtar å jobbe på. Det er difor ikkje overraskande at nærpolitireforma skapar støy.

Men når tillitsvalde i politiet over heile landet no slår krisealarm, er det snakk om meir enn normal omstillingsstøy. I ei kartlegging som NRK har gjennomført, blir det varsla om kriseliknande tilhøve i 11 av 12 politidistrikt.

Mest urovekkjande er det at alvorlege valds- og overgrepssaker skal ha blitt liggande på vent. Møre og Romsdal politidistrikt hadde i vår heile ni valdtektssaker som det ikkje vart starta etterforsking i.

For dei som er ofre i slike saker, vil slik ventetid opplevast som ei stor belastning. Derfor er det særleg alvorleg at problema som politiet står oppe i, går ut over dei. Det er uakseptabelt at desse skal lide fordi politiet skal omorganiserast.

Slike lovbrot må uansett ha høg prioritet. Når reformarbeidet får slike konsekvensar, skadar det truverdet og tilliten til politiet og rettsvesenet. Saker som det tar urimeleg lang tid å få opp til doms, endar gjerne med at lovbrytaren får strafferabatt. For offeret kan det vere eit nytt slag i andletet.

Det er også all grunn til uro over korleis tilsette i politiet opplever dette. Dei fortel om stort arbeidspress, frustrasjon og sjukmeldingar og oppseiingar. Dette må både politileiinga og politisk leiing syne at dei tar på alvor. Det er avgjerande både for nærpolitireforma og truverdet.

Politidirektøren svarte i juni på delar av denne kritikken med eit kjekt «det står bra til i Politi-Norge». Kartlegginga NRK no har gjort, slår beina under dette. Enten er ikkje politidirektøren kjend med tilstanden i eigen etat, eller så bagatelliserer han problema medvite. Begge deler skadar truverdet.

No går reforma inn i ein ny fase. Dei store strukturelle endringane er i hovudsak gjennomført. No skal fokuset rettast mot dei kvalitative delar av reforma. For å lukkast med dette er det avgjerande med ei leiing som både lyttar, forstår og handlar – helst i den rekkefølgja. Ingen reform får eit godt resultat berre ved at den øvste leiinga fortel at det er slik.

Her finn du alt meningsstoffet på smp.no!