Alle treng ikkje ta høgare utdanning, men det er viktig at ein stor nok del av befolkninga gjer det. Årets opptak til høgare utdanning syner at vi er på god veg.

Å ha god rekruttering til desse faggruppene er avgjerande for samfunnsutviklinga i åra som kjem. Vi treng mange nok og godt kvalifiserte lærarar for å utdanne komande generasjonar unge og helsearbeidarar til å møte eldrebølgja.

Både lærarutdanninga og sjukepleiestudiet har opplevd vekst i talet på søkjarar i fleire år no. Berre frå i fjor til i år har det blitt teke opp ni prosent fleire til lærarutdanningane, syner tala frå Samordna opptak-

Ved Høgskulen i Volda er alle dei 134 plassane fylt opp. Det er svært gledeleg. Det er ikkje mange åra sidan dette var ein av studiestadane som sleit litt med søkjartala, og fleire spådde at Volda saman med andre mindre studiestadar ville møte veksande problem med å lokke studentar til seg.

Frå tid til anna har det blitt åtvara mot at for mange tar høgare utdanning. Mellom anna NHO åtvara sterkt mot «mastersjuka». Poenget med fleire av desse utspela var å få eit betre samsvar mellom utdanning og behovet i arbeidslivet.

Sjølvsagt er det dumt om folk utdannar seg til arbeidsløyse eller går ut i jobbar der dei ikkje får brukt utdanninga si. Like dumt er det om det blir mangel på fagarbeidarar fordi alle trur dei må ta høgre utdanning.

Statistikken syner derimot at dette ikkje er problemet. I Norge har vi ikkje fleire som tar mastergrad enn i land vi bør samanlikne oss med, og det er framleis ein uvurderleg konkurransefordel å ha ei godt utdanna befolkning. Det er difor positivt med gode søkjartal, ikkje eit sjukdomsteikn.