Vi kan ikkje forby alt vi er imot, men noko er det god grunn til å ha forbod mot. Produksjon, sal og bruk av narkotika er eitt døme. Legalisering av hasj som eit middel i kampen mot kriminalitet, er eit syltynt argument for å flytte grenser.

Dette gjeld både dei som blir misbrukarar og deira nære pårørande. Sjølv om på langt nær alle som brukar rusmiddel blir skadelidande på denne måten, er det skremmande at stadig fleire unge meiner det er greitt å prøve rusmiddel som cannabis og at dei får full støtte frå fleire ungdomsparti.

Skilnaden mellom enkeltkommunar skal ein vere forsiktig å lese for mykje inn i. Feilkjeldene er store, og i mindre kommunar kan få brukarar gjere store prosentvise utslag. At rundt 5.000 av over 180.000 ungdomsskuleelevar har brukt cannabis i fjor, er i seg sjølv heller ikkje dramatisk.

Som eit symptom på ei utvikling, er det derimot alarmerande. Aksepten for narkotika aukar, og bruken når stadig nye grupper – i dette dømet til 14-15-åringar. Med på lasset kjem «rekninga» til dei som må betale den høgste prisen.

I vår gjekk fleire ungdomsparti inn for å legalisere cannabis. Iveren etter å sleppe dette laus, strekk seg heilt frå Framstegspartiets Ungdom (FpU) til Sosialistisk Ungdom (SU). Dette er å svikte ungdommane dei skal representere, meiner hjerneforskar Svend Davanger ved Universitetet i Oslo.

Det er lett å slutte seg til dette standpunktet. Sjølv om noko av kriminaliteten knytt til narkotikaomsetning blir borte, men sett i høve til kva problem rusmiddelbruk påfører enkeltmenneske og samfunnet, held ikkje dette. Auka tilgang vil gi meir bruk, og det finst ingen gode argument for å hevde at det er meir rus samfunnet treng.