Høge mål om kva resultat vi skal oppnå i kampen mot utslepp frå cruiseskip i verdsarvområda på lang sikt, må ikkje bli eit hinder for å oppnå snarlege resultat. Det er fornuftig av Regjeringa å ta første steg allereie no, i staden for å vente på ei ny utgreiing av nullutslepp i desse fjordane.

Eit slikt krav vil også kunne ha ringverknader for lokal forureining og klimaavtrykk for cruisebransjen i eit større bilete. Blir det stilt slike krav til skip i dei mest attraktive turistfjordane, vil det gi eit konkurransefortrinn i den norske marknaden for reiarlag som satsar på miljø.

Stortinget bad i vår Regjeringa om å innføre krav om nullutslepp frå turistskip og ferjer i verdsarvfjordane. Dette skulle gjelde så snart det er teknisk mogeleg, eller seinast innan 2026. Framlegget var resultat av eit kompromiss i ein hektisk innspurt om Klimameldinga i april.

Fleire av partia hadde langt større ambisjonar om kor raskt påbodet skulle bli gjeldande. Ap og SV var mest utolmodige, og ville ha påbodet gjeldande allereie innan 2023. No har Sjøfartsdirektoratet sendt ut framlegg til nye reglar for utslepp i verdsarvfjordane, utan krav om nullutslepp.

Ei god, fagleg utgreiing bør ligge i botnen i dei fleste saker. Vi bør vere kjende med konsekvensane av tiltak, slik at vi kan oppnå best mogleg resultat med minst mogeleg bieffektar på kortast mogeleg tid. Slik er det også i denne saka.