Der møter ho også eit stadig sterkare krav om ein ekstraordinær krisepakke til bønder som er ramma av alvorleg avlingsskade. Så langt har regjeringa nølt med å gå inn med friske pengar for å hjelpe bønder ut av krisa. Eit fleirtal på Stortinget ser derimot ut til å ha ei anna meining.

Den varme og tørre sommaren har ført til uvanleg store avlingsskadar i store delar av Sør-Norge. Ein førebels prognose frå Landbruksdirektoratet fortel at erstatningssummane truleg passerer ein milliard. Småbrukarlaget meiner skadebeløpet vil kome på to til tre gongar så mykje.

Situasjonen er kritisk for mange bønder, og mange har allereie sett i gong med ekstraordinær slakt av storfe. Inntektstapet vil også gi ein trong økonomi, også i våre naboland. I Danmark ser vi alt ein sterk vekst i talet på konkursar.

I Sverige har regjeringa gått inn med ein krisepakke på 1,2 milliardar. Dei første 400 millionane kjem i år, resten neste år. Her heime ser no Ap, SV, Sp og KrF ut til å danne fleirtal for tilsvarande. Kor store summar det kan bli, er ikkje klart.

Landbruket i Sverige og Norge kan ikkje samanliknast direkte. Svensk landbrukspolitikk skil seg sterkt frå den norske, og støtta til svenske bønder er langt frå noko spegelbilete av vår. Det må vi også ta med når vi samanliknar krisetiltak.

Same dag som statsministeren er på gardsbesøk står eit system for forenkla sakshandsaming for avlingsskadeerstatning klar. Bønder som søkjer erstatning kan få forskot på inntil 70 prosent av skadebeløpet. Til saman vil det kunne gi nær det doble av det svenske bønder får i krisepakke i år.

Det er ingen svenske tilstandar i norsk landbruk, korkje til vanleg eller i eit uår som dette. Det skal vi vere glade for. Likevel kan det vere behov for ein krisepakke. Det bør Erna Solberg også signalisere vilje til å vurdere, men først bør vi vite meir om behovet og effekten av eksisterande ordningar og akuttiltaka som alt er sett inn.