For både næringslivet og det offentlege er dette gledeleg. Det har lenge vore eit mål å få fleire til å velje yrkesfag. No gjeld det å ta godt nok vare på desse elevane, og sørge for at dei kjem ut i arbeidslivet som gode fagarbeidarar.

Framleis har vi mykje å hente på å få desse ungdommane gjennom utdanninga. Altfor mange fell ifrå undervegs i utdanninga si, for mange brukar unødig lang tid og mange får problem med å få seg lærlingplass.

Vi treng gode fagarbeidarar i industrien, i handelsnæringane, i bygg og anlegg og som helsearbeidarar i kommunar og stat. Næringslivet har lenge etterspurt meir faglært arbeidskraft, og NHO sitt kompetansebarometer fortel om et stort behov for tilsette med yrkesfag og fagskule.

Når talet på elevar på yrkesfag no er like stort som på studieførebuande, er det resultat av eit langsiktig arbeid. Det har handla om å løfte statusen på yrkesfag, synleggjere behovet og å gjere det mindre «farleg» å velje utdanning tidleg. For det kan vere vanskeleg for ein 16-åring å vite kva ein vil.

Målt i søkjartal til vidaregåande utdanning er altså denne satsinga ein suksess. Fleire tør å velje yrkesfag. Dei er trygge på at dei til ein viss grad kan endre kurs undervegs. Det ventar gode yrkesmoglegheiter etter enda utdanning, og dersom dei vil ta høgre utdanning, så står også den døra open.

Men framleis er det altså ein av fire som står utan fagbrev eller endeleg eksamen etter fem år. Sjølv om fråfallet i den vidaregåande skulen har blitt mindre dei seinare åra, er tala enno urovekkjande høge. Særleg stor er utfordringa for yrkesfaga. Dette kan vi ikkje slutte å bry oss om.

Vi må gjere det lettare for elevane å velje rett tidleg – og å endre kurs. Vi må ha ein kvalitet i utdanningsløpet som gjer at elevane beheld motivasjonen og trua på seg sjølv. Og til slutt kan det ikkje vere slik at arbeidsgjevarar som spør etter faglært arbeidskraft, ikkje stiller med lærlingplassar.